Vil du bli lærling i kostymesyarfaget ved Det Norske Teatret?
Det Norske Teatret
Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i kostymesyarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. mai
Det er ein ledig plass som
LÆRLING I KOSTYMESYARFAGET
Det Norske Teatret har frå hausten 2024 ein ledig lærlingplass i kostymesyarfaget. Vi søkjer ein engasjert lærling som brenn for handverket, og som ønskjer å bli ein framifrå kostymesyar.
Lærlingplassen er ein del av kostymeavdelinga.
Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring
- Minimumskrav til utdanning er VGI Handverk, design og produktutvikling og VGII Søm og tekstil og/eller anna relevant utdanning.
- Vi søkjer ein kandidat som har interesse for kostyme og kan tenke seg en framtid i kulturfeltet.
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig
- Ansvarsbevisst på eiga læring, og lærevillighet
- Strukturert, nøyaktig og med stor gjennomføringsevne
- Du må fungere og trivast i team
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Ein spanande lærlingplass med mange faglege utfordringar
- Eit variert fagmiljø, og eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
- Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
- God kollektiv gruppelivsforsikring
- Gunstig ferieordning
- Lønn etter tariff som ufaglærte
Arbeidstida er primært på dagtid, 37,5 timars veke. Du må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tiltreding etter avtale.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Kitty Krohn Riege
kitty.riege@detnorsketeatret.no
Søknadsfrist: 19. mai 2024
Om bedriften
Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2632380
- Sist endret
26. april 2024
- Hentet fra
FINN
- Referanse
350023348