Helsefagarbeidar, 66 % natt
Org. nr: - Stillingsident: 4399970765 Presentasjon av stillingen:
Tysnes omsorgssenter ligg i eit nytt og moderne bygg, i Uggdal. Her har me til saman 30 institusjonsplassar. Me har eigen avdeling for personar med demens og fem plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald. I tillegg har me ein KAD-plass til eine avdelinga, der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.
Me har eit tett og godt samarbeid med heimetenesta for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp. Me har fokus på
rehabilitering og eigenomsorg. På huset gjev me tilbod om fysioterapi, frisør og
fotpleie, i tillegg har me konsertlokale/storstove som vert
nytta til samlingar og underhaldning for bebuarane.
No søkjer me etter ein dyktig helsefagarbeidar som kan gå inn i 66 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg.
Stillinga inneber arbeid inne på omsorgssenteret og i nattpatruljen som yt tenester til heimebuande brukarar.
For fleire karrieremoglegheiter, sjå www.tysnes.kommune.no/ledigestillingar og www.tysnes.kommune.no/jobbihelse-tysnesomsorgssenter
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie og omsorg relatert til bebuarane.
- Bistand til bebuarar på omsorgssenteret og til heimebuande brukarar.
- Legemiddelhandtering/multidose etter gjevne retningsliner.
- Følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Førarkort klasse B.
- Relevant erfaring frå tilsvarande stilling.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God grunnleggande datakunnskap.
- Kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera eit føremon.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter lov om helsepersonell § 20a.
Personlege eigenskapar
- Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis.
- Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse.
- Tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- Trivast med utfordringar, er løysingsfokusert og oppteken av godt samarbeid.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt .
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 66 % natt med arbeid kvar 3.helg.
- Ein utfordrande, kjekt og meiningsfylt arbeidskvardag.
- Løn etter gjeldande kommunalt regulativ.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv, IA- verksemd.
Kontaktinformasjon
Helga Nilsen Boland, Styrar, 951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Helse- og sosialsjef, 53 43 70 65, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4399970765
Stillingsprosent: 66%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.