Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune Bemanningssentral
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sogndal er ein kommune i vekst, med ei av dei yngste befolkningane i landet. I åra som kjem skal me finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på, slik at me er godt rusta for å møte ei framtid der færre folk skal levere meir velferd enn i dag.
No søker me etter deg som brenn for vere med på dette viktige samfunnsoppdraget. Me treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, barnehagelærarar og fleire andre kompetansar som er grunnmuren i den kommunale tenesteytinga. Me ser særleg etter dei som har lyst å tenke nytt, som kan vere nysgjerrig på kva som er mogeleg og som har eit godt blikk for kva som kan gje dei beste tenestene for innbyggjarane, samstundes som me skapar ein arbeidsplass der det er trygt og kjekt å jobbe.
I Sogndal prøver me no ut nye måtar å jobbe på i tett samspel med dei tillitsvalde, der du som tilsett vil vere med å prege korleis framtida skal sjå ut. Ein viktig del av dette arbeidet er å bygge opp ein bemanningssentral, der du får høve til å vere med å bidra på fleire stadar i kommunen, med utgangspunkt i den kompetansen du har og dei område du har lyst å utvikle deg vidare på. Sogndal satsar på å ta i bruk ny teknologi og hjelpemiddel som bidreg til betre tenester og arbeidskvardagar for innbyggjarane og dei tilsette.
Verdiane våre er samskapande, open, god og nysgjerrig (SOGN) – alle dei vil me trenge for å finne dei gode løysingane som skapar ein god kommune. I dag, i morgon og i framtida.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyre frå deg! Merk søknaden med kva faggruppe du søkjer på:
- Sjukepleiar
- Vernepleiar
- Helsefagarbeidar
- Barnehagelærar
- Anna (send oss gjerne ein open søknad om denne utlysinga traff deg)
Me tilbyr:
Ein arbeidsplass i utvikling der du kan bidra til ei ny retning for kommunen.
Fagleg og personleg utvikling i eit støttande miljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar, velferdstilbod og løn etter tariff.
Ei arbeidserfaring i eit miljø som set mennesket og samfunnet i fokus, i tråd med kommunens mål om å vere ei lærande og moderne eining.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2782806
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3423483_233923_nn