Lærar i grunnskulen
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Kvia 22, 6140 Syvde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i grunnskulen
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Vi har ledig inntil 150 % vikariat som lærar ved Myklebust skule fram til 31. juli 2025. Vi treng pedagogar som er opptekne av å sjå den einskilte, som har ynskje om å bidra til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø for elevane. Vi treng lærarar med kompetanse på 1.-7. trinn og 5.-10. trinn, som har høve til å starte snarast etter nyttår.
Arbeidsoppgåver
- Systematisk arbeid med å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø for elevane
- Planlegge, gjennomføre og vurdere ordinær og tilpassa undervisning, utarbeide IOP og årsrapportar
- Samarbeide med vekt på å auke elevane sitt læringsutbytte
- Målretta oppfølging av kvar einskilt elev fagleg og sosialt
- Delta aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap
- Positivt og tett samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar, som t.d. ressurslærar, PPT, BUP
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning for undervisning på 5. -10 trinn, eller 1. -7.trinn
- Søkjarar som ikkje oppfyller formelle krav, men har relevant utdanningbakgrunn og personleg eigna kvalifikasjonar kan vurderast
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Eit inkluderande menneskesyn, er raus, open og motiverande
- Godt humør, og evne til å prioritere i ein hektisk kvardag
- Jobbar systematisk, med vekt på å følge opp elevane si faglege og sosiale utvikling
- Er ambisiøs på vegne av elevane, kollegaer og deg sjølv
- Gode samarbeidsevner, fleksibilitet
- Taklar høgt arbeidstempo og krevjande utfordringar med entusiasme
- Ein tydeleg, trygg og føreseieleg vaksen med interesse for elevar med spesielle behov
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eit skulemiljø der elevane si læring, trivsel og helse skal vere i sentrum
- Å bli ein del av eit engasjert kollegium som saman bygger eit godt fagmiljø under kontinuerleg utvikling
- Å vere ein del av eit lærande team rundt våre elevar
- Eit godt, inkluderande kollegium, med høg kompetanse
- Kjekke elevar og engasjerte føresette
- Høve til å hauste verdifull erfaring og opparbeide kompetanse i arbeid med elevar med ulike utfordringar, enten det gjeld språk, sosialt eller åtferd
- Ein skule der tilpassa opplæring og inkludering er idealet, med ynskje om at alle skal oppleve mestring
- Eit samfunnsnyttig, viktig og ansvarsfullt arbeid bygd på LK20
- Ein kommune som satsar på skule, med utgangspunkt i Kvalitetsplan for barn og unge
Kontaktinformasjon
Lena Landsverk Sande, Rektor Myklebust skule
Arbeidsstad
Kvia 22
6140 Syvde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 4891344651
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Lena Landsverk Sande
Rektor Myklebust skule
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811990
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2a77a9cca11644e9bdbce225bc99b12f