Helsesekretær/sekretær
Merkantile tjenester Stord DPS/BUP, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Oppstart
1. mai 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
No søkjer vi etter deg som trivs i ein kvardag med mange ulike oppgåver.
Eininga er sentral for å sikra høg kvalitet på behandlinga vi gir til pasientane våre. Avdelinga består i tillegg til merkantile tenester av allmennpoliklinikken for vaksne, døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Me har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell. Opptaksområdet for vaksne dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. For barn dekkjer me i tillegg områda Ullensvang og Kvinnherad.
Arbeidsoppgåver
- Kvalitetssikring av tenester og rapportering
- Koordinera pasientforløp, som booking av konsultasjonar og oppfølging av timeavtalar.
- Yta støtte til pasientar og pårørande, både ved resepsjonen og via telefon og e-post.
- Utføra administrative oppgåver som saksbehandling, skriving etter diktafon, skanning, korrespondanse og fakturering.
- Andre kontorfaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær med autorisasjon. Søkjar med annan utdanning/erfaring frå liknande arbeid kan være aktuelle.
- Erfaring med bruk av elektronisk pasientjournal (t.d. DIPS) og andre relevante IT-verktøy (t.d. Elements, Excel)
- Det er ønskeleg med erfaring frå fagområde psykisk helse og/ eller rus
- Må beherske godt norsk skriftlig og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- liker å yta service til pårørande og pasientar i ein vanskeleg livssituasjon
- ønskjer å levera på drift og prosjekt
- er glad i eit sosialt arbeidsmiljø der mange av oppgåvene krev samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenesteforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søker gi til kjenne dette i søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Evelyn Sjo, Funksjonsleiar - Merkantile tjenester, 91 52 52 93, evelyn.sjo@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4776932543
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2024
Sluttdato: 01.05.2024
Søknadsfrist: 31.03.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2587261
- Sist endret
1. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cd93193a83854e81adb594f1eeb32c4f