Arealplanleggar
Org. nr: - Stillingsident: 4420929166 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med på laget?
Bykle kommune er staden for faglege utfordringar i kombinasjon med moglegheiter til eit moderne kvardagsliv og rike moglegheiter til fjell- og friluftsliv på fritida. Vi har eit fagmiljø som arbeider i spennet frå store utbyggingsprosjekt med investorar til sikring av natur, og samhandling med regionale styresmakter. Kommunen arbeider med stadutvikling og balansert arealbruk, til beste for fastbuande og tilreisande. Hos oss kan du vere med og legge til rette og legge premisser for utviklinga. Vi har mange plansaker og høgt utbyggingstempo. Vi søker ein erfaren planleggar med på laget. Hos oss vil du vere ein del av planavdelinga på Bykle rådhus. I stillinga vil du få trivelege kollegaer som arbeider med kart, plan, matrikkel, særlovssaker innafor jord og skogbruk, vilt, utmark og motorferdsel i utmark, miljø og forureining, vassdrag, byggesak osv.
Arbeidsoppgåver
- Planarbeid på ulike nivå i medhald av plan- og bygningslova. Reguleringsplaner primært.
- Sakshandsaming med involvering av andre einingar internt, sektor- og regionale styresmakter.
- Utarbeiding av eigne planer, samarbeide med konsulentar om private reguleringsplaner.
- Framlegg av plansaker, dispensasjonssøknader, klagesaker, delingssaker, høyringsuttaler innafor avdelinga sine fagområde m.v.
- Utviklingsarbeid, prosjekt-/prosessleiing, deltaking i politiske møte mv.
- Andre oppgåver kan bli aktuelt
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet/høgskule (min.bachelornivå) med fagområde innanfor areal-/samfunnsplanlegging e.l.
- Fagområde med plan- og bygningsrett, forvaltingslov og offentlegheitslova vil bli vektlagt. Dette kan ev kompenserast gjennom relevant praksis.
- Relevant arbeidserfaring frå offentleg forvalting er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God kjennskap til digitale verktøy, kart og plan og sakshandsamingssystem.
- Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er skikka for stillinga, er fleksibel, har evne til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig.
- Den som blir tilsett må ha førarkort minimum klasse B
Personlege eigenskapar
- Ryddig og serviseinnstilt
- Fagleg trygg
- Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
- Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter kvalifikasjonar, og etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Flyttegodgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Signe Sollien Haugå, Plansjef, 482 37 300, signe.sollien.hauga@bykle.kommune.no
Arbeidsstad
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommune
Referansenr.:4420929166
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2021
Om bedriften
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.