Sikkerheitskontrollør tunell
INV - Vedlikehald, drift og beredskap, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sikkerheitskontrollør tunell
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
På avdelinga for infrastruktur og veg tek vi vare på fylkeskommunene sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi har ein arbeidskvardag med mange spennande oppgåver innan planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunellar og bruer. Målet vårt er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. Innanfor avdeling for vedlikehald, drift og beredskap ligg ansvaret for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Dette omfattar inspeksjon, planlegging av tiltak, fylgje opp entreprenørar på drift, elektro og vedlikehaldstiltak og fylgje opp økonomi innan tildelte midlar. Avdelinga har eit beredskapsansvar der ein vurderer og set i gang tiltak for å sikre trygge vegar ved uvær, skred eller flaum.
Arbeidsoppgåver
Som sikkerheitskontrollør tunell er dine oppgåver å samordne tiltak i tunellane for å ivareta sikkerheit for dei som brukar tunellane. Stillinga er forskriftsmesig forankra i Forskrift om minimum sikkerhetskrav til visse tuneller på fylkesvegnettet § 6. Sikkerheitskontrollør tunell skal kontrollere at driftspersonal og redningsteneste får opplæring, og delta i organisering av øvingar. Du skal delta i fastsetting av sikkerheitsplanar og spesifisering av konstruksjon, utrusting og drift av både nye og eksisterande tunellar.
- Kontrollere at driftspersonal og redningsteneste får opplæring, og delta i organiserte øvingar
- Koordinere og jobbe med tryggleik og lovverk knyta til vegtunellar
- Samarbeide med tunellmiljøet i fylket og med kollegaer i andre fylke
- Delta i fastsetting av sikkerheitsplanar av konstruksjon, utrusting og drift av både nye og eksisterande tunellar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan sikkerheitsarbeid på min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
- Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast
- Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå tunellvedlikehald og sikkerheitsarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er kjent med, og har klare meiningar rundt utøving av forvaltning og kontrolløroppgåver
- Evne til å samarbeide på tvers av organisasjon
- Gode personlege eigenskapar som kommunikasjon- og samarbeid vil bli vektlagt
- Den rette kandidaten identifiserer seg med verdiane våre, kompetent, open og modig
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Kontaktinformasjon
Eivind Yttri, Avdelingsleiar, 90830854Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4888638474
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Eivind Yttri
Avdelingsleiar
90830854
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797446
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d7737337d0f24110915d624fa1a37552