Miljøpersonell til ung-bu prosjekt
Org. nr: 964979278 Stillingsident: 4258252924 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med i etablering av eit ung-bu prosjekt i Hareid kommune? Vi søkjer fagpersonell som ønskjer å gjere ein forskjell i det å bistå ein ung vaksen i si etablering.
Prosjektet er fagleg og administrativt knytt til eining for bu- og habilitering i sektor for velferd.
Arbeidsoppgåver
- miljøarbeid
- fokus på dagleglivets gjeremål
- andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha erfaring frå miljøarbeid, fleirkulturell tilnærming, trygg og bevisst i di rolle som vaksen og i møte med brukar, pårørande og samarbeidspartnarar. Haldninga di er avgjerande med evne til å skape ein arena som fremjar tryggleik, respekt og eigenutvikling i det å bu i eigen bustad.
Personlege eigenskapar
God på samarbeid og brukarmedverknad.
Vi tilbyr
- tidsavgrensa arbeidsavtale i prosjektperioden på 12 månader, med høve til vidare engasjement
- oppstart etter avtale, medio oktober
- fagleg rettleiing
- fokus på eigenutvikling
Løn og arbeidsvilkår er etter det som til ei kvar tid gjeld i lover og avtaleverk.Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale. Til intervju tek du med vitnemål og attestar. Ver vennleg og oppgje minst to referansar.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følgje.
Kontaktinformasjon
Lisa Johnsen, Fagkoordinator, 90 07 06 43
Nils-Arne Skagøy, Kommunalsjef, 979 64 707
Arbeidsstad
Teigevegen 55
6060 Hareid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Hareid kommune
Referansenr.:4258252924
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 01.08.2020
Om bedriften
Hareid - så uendeleg full av opplevingar og mulegheiter!
Kultur- og fritidsopplevingar står i kø. Fjellet, fjorden og dei store naturopplevingane ventar på deg.