Fast stilling
Voss herad Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand
Om jobben
Stillingstittel
Spanande stilling ved Vossestrand Omsorgstun
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. september
Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim ca 2 mil frå Voss Sentrum.
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Dei tilsette vekslar på å arbeida i institusjon og i omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning.
Me har no ledig 70% fast stilling med 2-delt turnus, dagvakt, seinvakt og arbeid kvar 2. helg (langvakter kan vurderast med anna frekvens).
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- årsturnus
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller assistent med kompetanse og erfaring frå eldreomsorg.
- Førarkort klasse B
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som
- Er god på samarbeid
- Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
- Likar å arbeida med eldre
Arbeidsoppgåver
- Heilheitleg pleie og omsorg
Helsefaglege oppgåver
- Primærkontaktoppgåve
- Arbeidsoppgåver i institusjonen som rydding av lager, matlager, bestilling av mat m.m.
- Vikar ved fråvær på vaskeri, heimehjelpsoppdrag eller anna.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2725519
- Sist endret
27. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3393101_213575_nn