2 barnehagelærarar
Barnehagane , Bykle
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidsoppgåver
- Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
- Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
- Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
- Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss ein medarbidar som tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
- Vi ser etter ein medarbeidar som er leiken og har humor.
- Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar
- Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
- Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
- Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
- Du må like å vere ute og gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar
PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST
Vi tilbyr
- Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
- Utvikling og fagleg påfyll, personalmøter kvar månad og avedelingsmøter kvar 4. dag
- Løn ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Andre opplysningar
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Caroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494Arbeidsstad
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: BykleReferansenr.: 4797047178
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.05.2024
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 180 tilsette
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2638196
- Sist endret
20. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
da16e8cca751438bac21b1f99992ce3c