Ny og spennande psykologstilling delt 50/50 mellom AiR-klinikk og Vinje kommune
Stillinga kan nyttast til spesialisering innan samfunns- og allmennpsykologi og/eller arbeid- og organisjasjonspsykologi
AIR-KLINIKK
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på "best practice" innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet.
AiRs profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetansebidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
- AiR-klinikk har fire team som består av psykolog, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog
- Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar
- Opphaldet for kvar gruppe er døgnbasert og går over fire veker
Arbeidsoppgåver:
- Individuell rettleiing
- Undervising av deltakarar i grupper
- Gjennomføring av kartlegging- og vurderingssamtaler
- Vera primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
- Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Særfagleg oppfylging ved behov
- Henvisingar ved behov
- Arbeid med epikrise for deltakar
VINJE KOMMUNE Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass for dei ca. 3600 innbyggjarane. Åmot er eit regionalt handelssenter med stort tilbod av varer samt private og offentlege tenester, og Edland/Haukeli og Rauland er hovudsentra i attraktive turistområde. Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.
Sidan stillinga som kommunepsykolog er nyoppretta vil du med utgangspunkt i kommunens behov og din kompetanse og interesser, få høve til å deltaka i utforminga av arbeidsoppgåvene. Det vert difor lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar
Kommunepsykologen skal ivareta eit breitt spekter av arbeidsoppgåver som fordeler seg i fem hovudgrupper:
- System- og samfunnsretta arbeid
- Rettleiing og fagstøtte
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Lågterskel behandling og oppfølging
- Tverrfagleg/fleirfagleg samarbeid. Eit særleg fokusområde er barn og unge
Kvalifikasjonar for båe felt:
- Kompetanse innan kognitiv terapi, MCT eller liknande terapimetodar
- Erfaring med individuelle samtaleforløp
- Engasjement i tverrfagleg samarbeid
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidratil eit utviklande fagmiljø
- God skriftleg framstillingsevne
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt og gjennom kurs, etterutdanning og spesialiseringi arbeids- og organisasjonspsykologi og/eller innan samfunns- og allmennpsykologi
- Arbeidstid, dagtid på kvardagar
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe bustad
- Rehabiliteringssenteret AiR har arbeidsgjevaransvaret for stillinga
Arbeidsgjevar/stad:
- Rehabiliteringssenteret AiR har arbeidsgjevaransvaret for stillinga, og det er også der kontorstaden hovudsakleg vil vera
- Om du er interessert i natur og friluftsliv vil omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark kunne gje deg rike opplevingar i alle årstider
Me ser fram til å høyre frå deg.
For meir informasjon, kontakt:
Assisterande klinikkleiar, Siri Mørch, på tlf.+47 474 63 408/ siri.morch@air.no eller administrasjonsleiar, Jon Hovda, på tlf. +47 35 06 28 00 / jon.hovda@air.no
Helse- og omsorgssjef Vinje kommune, Kari Dalen,
tlf. +47 478 94 710, e-post: kari.dalen@vinje.kommune.no
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR-klinikk i Rauland og Vinje kommune opprettar ei ny og spennande stilling med arbeidsoppgåver innan både spesialist- og kommunehelsetenesta.