Miljøterapeut Sauland skule
Hjartdal kommune Sauland skule
Saulandsvegen 543, 3692 Sauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Er du oppteken av eit godt og inkluderande oppvekstmiljø, med fokus på førebyggande arbeid og samhandling?
MiljøterapeutVi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut på Sauland skule
Interessant? Da håpar vi du les vidare!
Vi søkjer ein miljøterapeut som skal inngå i eit heilskapleg tilbod til barn og unge, primært på Sauland skule. Stillinga støttar opp om skulen sitt pedagogiske tilbod og skal særleg leggje vekt på integrering og den generelle delen av kunnskapsløftet. Miljøterapeut har, i samarbeid med dei andre tilsette, ansvar for at elevane får fagleg og sosial læring, samt fysisk og psykisk omsorg.
Sauland skule er ein 1-10-skule med 130 elevar, og er den einaste offentlege skulen i kommunen. Arbeidsmiljøet er prega av utviklingsorienterte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, kor samarbeid og teamarbeid er sentrale faktorar. Skulen jobbar aktivt med tilpassa opplæring og inkluderande skulemiljø.
Dette er dine kvalifikasjonar
- Bachelor i helse- eller sosialfag barnevern eller anna relevant utdanning kan vere aktuelt.
- Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
- God skriftleg og munnleg norsk kompetanse
Dette tilbyr vi deg
Gode folk rundt deg. Som miljøterapeut på skulen blir du med i klasseteam og utviklingsteam
Arbeide saman med og tett på elevane på skulen Du blir synleg i elevmiljøet og får fridom til å utvikle trivselsaktivitetar og aktive friminutt
Du får rom for sjølvstende og kreative løysningar. Du får ta del i å planlegge og utforme korleis det førebyggande arbeidet skal vere i Hjartdal kommune og særleg på Sauland skule
Førebyggjande arbeid for eit trygt og godt barnehage/skule- og fritidsmiljø. Du skal jobbe med aktørar som treff barn og unge både i barnehagen, på skulen og på fritida.
Å koordinera tenester. Du vil koordinere og bidra til godt samarbeid mellom aktørar som jobbar for eit trygt og godt oppvekstmiljø. Du blir ein del av «laget» rundt barn og unge, samt ein del av skulen sitt støttesystem
Å rettleia barnehagane og skulane. Du skal rettleia i arbeid for eit trygt og godt barnehage og skulemiljø. Du vil også ta initiativ til opplæring i bruk av metodar og verktøy for å undersøka i barnehage- og skulemiljøsaker.
Arbeidsoppgåver som kan inngå i stillinga
- Samarbeid med tilsette, elevar og føresette om eit godt læringsmiljø for alle
- Rettleiing
- Samarbeid om tenester i «laget rundt barn og unge»
- Arrangere trivsels- og friminuttaktivitetar
- Elevråd og Skulemiljøutval
- Vere med i førebyggande team
- Ta del i undervisningstimar
Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?
- MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at ein ikkje alltid er bra.
- MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.
- MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.
Vi trur dette er deg
- Du likar å motivere andre
- Du identifiserer utfordringar og følgjer opp tiltak
- Du er strukturert
- Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Du trivast i eit aktivt miljø
- Du er fleksibel
- Du er løysingsorientert
- Du er ein tydleg og trygg vaksen
Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett
- Du blir tilsett basert på gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler
- God forsikrings- og pensjonsordning
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
- Prøvetida di er på 6 månadar.
- Det er krav om politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843984
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3450043_231637_nn