Helsefagarbeidar
100% stilling ved open omsorg Høyanger – vikariat til 31.08.25.
Stillinga inneber turnus med arbeid 3.kvar helg.
Søkjarar må ha:
- autorisasjon som helsefagarbeidar
- førarkort kl B (manuell gir).
- ha gode norskkunnskaper
Vi søker deg som er fagleg trygg og trivast med travle arbeidsdagar og som ynskjer å bli ein del av eit fagleg spennande og godt arbeidsmiljø. Vi er opptatt av kvalitet og fagutvikling med fokus på å gjere kvarandre gode.
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest.
Kvifor søkje stilling hos oss:
• Fulltidsstilling
• Starter avlønning tilsvsrande minimum 8 års ansiennitet
• 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
• Stort fokus på fagutvikling der inkludering og kunnskapsdeling er viktig
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Open omsorg Høyanger er lokalisert i helse og sosialsenteret i Høyanger sentrum. Tenesta inneheld heimesjukepleie, heimehjelpstenester, psykiatri- og rus samt dag- og aktivitetstilbod til brukarar. Tenesta har totalt om lag 250 brukarar og arbeidsområdet er Høyanger/Kyrkjebø/Nessane.