Lom og Skjåk treng FYSIOTERAPEUT!
Lom Kommune
Lom, Skjåk, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Er du den som har lyst til å erfare vinter mot sommar midt i Innlandet? Som vil vere ein del av ein flott ergo- og fysioterapeutgjeng i kommunane Lom og Skjåk?
Det er ledig vikariat som fysioterapeut frå 01.01.25 fram til 31.07.25, med moglegheit for forlenging.
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. desember
Hva vi ser etter
Me søkjer deg som er strukturert og jobbar sjølvstendig. Du trivst med å jobbe saman med både brukarar og fagpersonar. Du er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør. Du er fleksibel, og har interesse for å vidareutvikle tenestetilbodet.
Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.
Kvalifikasjonar:-
Autorisert fysioterapeut
-
Beherskar norsk munnleg og skriftleg. Nynorsk er administrativt skriftspråk i kommunane
-
Krav om politiattest
-
Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Arbeidsoppgaver
-
Helsefremjande, førebyggjande og kurativ fysioterapiverksemd for alle aldersgrupper
-
Gruppetilbod for barn, ungdom og vaksne
-
Rehabilitering og habilitering
-
Prosjektleiar etablering av frisklivssentral (40%)
-
Hjelpemiddelformidlar
Vi tilbyr
Lom er vertskommune for den interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av 2 årsverk ergoterapistilling og 4,3 årsverk fysioterapistilling, samt 80% fysioterapeut m/ driftsavtale. Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt og kommunalt hjelpemiddellager i båe kommunane. Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar. Oppmøtestad vil vera hovudsakleg i Skjåk, og ved behov i Lom.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.
Det er ynskjeleg med snarleg oppstart i stillinga.
Kontaktperson for stillingen
Sivert Jonassen
Leiar for ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk
48165520
Om bedriften
Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.
Lom ligg nært fleire nasjonalparkar. Området har gode moglegheiter for naturopplevingar i spektakulær natur og ligg i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Vi håpar å høyre frå deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793695
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
fbf564c9-8290-4a28-a21e-9901cb705959