Lærarstillingar i Tokke kommune
Oppvekst, Tokke kommune
Storvegen 60, 3880 Dalen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstillingar i Tokke kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 7. mars
Tokke kommune har ledige lærarstillingar, vikariat og mogleg fast, frå 01.08.25.
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Oppvekst i Tokke har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar. På skulane arbeider me kontinuerleg for å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er me oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på intensiv opplæring og tilpassa undervisning.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar me to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling. Skulane i Tokke har uteskule annankvar fredag for 1. - 7. klasse.
Me har to skular, Tokke skule som ligg på Dalen, og Høydalsmo skule som ligg i Høydalsmo.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, organisere og gjennomføre undervisning.
- Sikre god klasseleiing.
- Jobbe for eit godt og trygt skulemiljø for alle elevar.
- Ha god dialog og samarbeid med foreldre.
- Delta i skulens kompetanse - og utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning. Me oppmodar særskilt lærarar med ein brei fagkompetanse til å søkje.
- Varm og tydeleg klasseleiar.
- God digital dugleik.
Tokke skule: 1- 10 skule med 165 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:
Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. – 10. klasse, samt kontaktlærar frå 5. til 10. klasse. Særskilde fagynskje; Engelsk, spes.ped, tysk og musikk.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med konst. rektor, Mona S Seltveit på e-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no eller mob. 916 99 148
Høydalsmo skule: 1-10 skule med 60 elevar og om lag 13 årsverk for pedagogisk personale. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i: Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. – 10. klasse. Særskild fagynskje: Norsk.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Vera engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg.
- Fokus på god og tydeleg klasseleiing.
- Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringar.
- Vera ansvarsbevisst og sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
- Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil me nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406Arbeidsstad
Storvegen 603880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 4926104579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Tone Lunde Skaalen
Kommunalsjef Oppvekst
+47 97171406
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2868999
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0f3feb8b85ae45b484e799df6d4610ec