Assisterande rektor ved Folkestad skule
Omtale av arbeidsstaden
Folkestad skule er ein av tre grunnskular i Bø kommune. Skulen har om lag 135 elevar, og er ein fulldelt 1-7 skule med skulefritidsordning. Skulefritidsordninga har om lag 35 barn, med leiar i delt stilling.
Skulen ligg i eit skogsområde ved Oterholt, ca 3 km frå Bø sentrum og ca 2 km frå Bø Sommarland.
Skulen har 17 pedagogar, 1 sekretær, 7 assistentar og rektor. Skulen har eit stabilt personale og høg trivsel blant elevane. Skulen deltar i satsingane "Vurdering for læring" og "Liv og røre" saman med dei to andre skulane i kommunen.
Kort om stillinga
På grunn av omorganisering ved skulen, blir det frå 01.08.2019 oppretta ei 50 % fast stilling som assisterande rektor ved Folkestad skule. Stillinga som assisterande rektor går inn i skulens leiarteam, som har det samla ansvaret for drifta av skulen, både pedagogisk, administrativt og personalmessig. Skulens rektor er næraste overordna. Stillinga kan sjåast i samanheng mot andre funksjoner og dermed bli ei full stilling. Assisterande rektor skal fungere som rektor når rektoren er borte.
Arbeidsoppgåver
· Skuleutvikling
· Lage gode systemer for rutiner
· Personaloppfølging og personalleiing; inkl sjukefråværsoppfølging
· Timeplan og fråværsarbeid
· Førebuing, oppfølging og analyse av resultat
· Drift og organisering av skulen i samarbeid med rektor
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein assisterande rektor som har:
· høge ambisjonar på elevens vegne
· gode samarbeidsevner og er god til å kommunisere
· løysingsorientert
· strukturert og organisert
· relevant utdanning og undervisningserfaring - med bakgrunn frå grunnskulen.
Personlege eigenskapar
Kan vere personlege eigenskaper som tålmod, løysningsorientert, engasjement, fleksibilitet, målbevisst, positiv, samarbeidsevner, kommunikasjonsevner, kreativ, m.m.
Bø kommune treng assisterande rektor som vil vere med å utvikle skulen, stå fram som klar leiar, ha rause haldningar og er fleksible i skulekvardagen.
Særskilt for stillinga
Administrasjonsspråk er nynorsk og det krevjast politiattest
E-læringskurset "Leiaropplæring i Bø" skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
· ei spennande leiarstilling i ein aktiv og utviklingsorientert kommune
· eit godt arbeidsmiljø
· ein skule med godt forhold til heimane
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Bø kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Anna
Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
Søknad sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden.
Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Bø kommune ligg i Midt-Telemark og har omlag 6600 innbyggjarar, administrasjonsspråket er nynorsk. Bø kommune er først og fremst ein skule- og handelskommune, med solid forankring i jord- og skogbruk samt allsidig næringsliv. Kommunen har eit godt utbygd tilbod innan kultur, idrett og fritid. Vi er også midt i en spennande førebuingstid med hensyn til kommunesammenslåing i 2020 med Sauherad kommune.