Helgestillingar ved korttid og heimetenesta- helsefagarbeidar eller assistent
Vang kommune har ledig helgestillingar ved korttid og heimetenesta. Stillingane er fra 12-18% i storleik.
Me vil ta kontakt og tilsette etterkvart som søknadene kjem inn.
Arbeidsoppgåver
- Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Praktisk bistand og rettleiing av brukarar
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Dokumentere i fagsystemet Profil
Kvalifikasjonar
- Fortrinnvis helsefagarbeidar, men ufaglærte med erfaring kan søkje
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kommunal pleie-og omsorgstenester
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
Søkjar må vere minst 18 år.
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vere motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapeleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsvatalar.
Meir informasjon om stillingen kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.
Kontaktinformasjon
Unni Sandsengen, Avdelingsleiar korttid, 46863679, unni.sandsengen@vang.kommune.noStine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimetenesta, 90896012, stine.solemsli@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 51502975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang KommuneReferansenr.:4607959578
Stillingsprosent: 12%
Fast
Startdato: 01.02.2023
Søknadsfrist: 01.05.2023
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.