Lærarar
Verdas viktigaste jobb: Me treng deg som lærar i Suldal!
Me treng fleire dyktige lærarar til Suldalsskulen. Er du ein av dei?
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil vera med å utvikla eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Frå 01.08.20 har me ledig undervisningsstillingar i varierande storleik både i barne- og ungdomsskulen. Utlysinga gjeld og stillingar som måtte verte ledige fram mot skulestart. Ønskje om stillingsstorleik og arbeidsstad må opplysast i søknaden.
Spørsmål om stillingane kan rettast til: Rektor ved den einskilde skule eller kommunalsjef for oppvekst Ingebjørg Rullestad Gjerde tlf. 52792281/41692867.
Er du klar? Me treng deg! Søk elektronisk innan 13. mars.
Informasjon om skulane i Suldal
Erfjord skule
Rektor Bjarte Steindal tlf 52790831/92252291 www.minskule.no/erfjord
Erfjord skule er ein barneskule frå 1. - 7. kl med 74 elevar.
Frå 01.08.20 er det ledig inntil 100% vikar for lærar.
Fagønskje: norsk og matte.
Marvik skule
Rektor Anne Cremer tlf 52790841/90693857 www.minskule.no/marvik
Marvik skule er ein fådelt barneskule som ligg på Ropeidhalvøya med 22 elevar fordelt på 7 trinn.
Frå 01.08.20 har me ledig inntil 90% vikar for lærar.
Fagønskje: engelsk
Nesflaten oppvekstsenter
Anne Marie Gamlem Rabba tlf 52790983/98848380 www.minskule.no/nesflaten
Nesflaten oppvekstsenter er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med 23 elevar.
Frå 01.08.20 er det ledig inntil 30% vikar for lærar
Jelsa oppvekstsenter
Rektor Karin Nessa tlf 52790352/47266449 www.minskule.no/jelsa
Jelsa oppvekstsenter er ein fådelt skule har 19 elevar fordelt på 7 trinn.
Frå 01.08.20 har me ledig 20% fast stilling som lærar.
Fagønskje: spes.ped
Sand skule
Rektor Jorunn Hoås tlf 52790801/91574334 www.minskule.no/sand
Sand skule har 259 elevar fordelt på 13 trinn frå 1.-10. trinn. Ungdomstrinnet har to klassar på kvart trinn.
Frå 01.08.20 er det ledig inntil 100% fast stilling som lærar og inntil 400% vikar for lærar.
Vanvik oppvekstsenter
Rektor Kristine Espeland Rafdal tlf 52790977/92065994 www.minskule.no/vanvik
Vanvik oppvekstsenter er ein fådelt skule og har 8 elevar fordelt på 7 trinn.
Frå 01.08.20 har me ledig 50% fast stilling som lærar
Vinjar skule
Rektor Kristine Bøe Berge tlf 52790900/91823284 www.minskule.no/vinjar
Vinjar skule har 105 elevar fordelt på 7 trinn.
Frå 01.08.20 har me ledig inntil 200% fast stilling som lærar og eit 2 årig engasjement som avdelingsleiar/undervisningsinspektør i 40% stilling (bør kombinerast med lærarstilling)
Fagønskje: musikk, engelsk, norsk og matematikk.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
Du må vera fleksibel og positiv.
Ha pågangsmot og vera utviklingsorientert.
Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett.
Du må trivast saman med elevar og føresette.
Søknad frå andre uten undervisningskompetanse kan verta vurdert.
Generelt/Søknad sendast
For alle stillingar på skulen gjeld: Krav om politiattest ved tilsetting i samsvar med Opplæringslova § 10 - 9 som ikkje er eldre enn tre mnd.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.