Spesialpedagog 100 % stilling -vikariat til 10/8 2025
Alver kommune
Kvernhusmyrane 8, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog - engasjement ut barnehageåret - Pedagogisk støtteteam
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga
Det er ledig 100 % stilling spesialpedagog for ut barnehageåret 2024/2025. Mulig det vert behov for fleire stillingar. Tilsetjing frå snarast
Det er under planlegging ei omlegging av Pedagogisk støtteteam for barnehagar. Difor er det eit mellombels behov for spesialpedagogar.
Det kan være aktuelt å tilsetje deltid om det er ønskjeleg.
Arbeidsoppgaver
Teamet arbeider ute i barnehagane i kommunen. Teamet har ein felles kontorstad ved gamle Knarvik barneskule i Knarvik sentrum som kan nyttast til samarbeid og fagutvikling. Ved organisering med tettare tilknytning til enkelte barnehagar med større vedtak, blir meir av tida brukt i barnehagane og mindre i felles kontorstad.
Som spesialpedagog vil du arbeide med barnehagebarn ut frå sakkunnige vurderingar frå PPT og vedtak om spesialpedagogisk hjelp.
Kvalifikasjonskrav
Barnehagelærar. Ønskjeleg med vidareutdanning innan spes.ped og erfaring frå spesialpedagogisk arbeid. Som person ønskjer vi at du er løysingsorientert og har god relasjonskompetanse.
Du må ha førarkort kl B
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. God pensjonsordning. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og inkluderande kollegaer og meiningsfylt arbeid for barn si utvikling.
Vilkår /Politiattest
Det er krav om godkjend polititattest etter barnehagelova ved tiltreding.
Du må ha førarkort kl B. Det vil være eit vilkår å disponere eigen bil i tenesta. Kjøregodtgjersle etter staten sine satser.
Kontaktperson for stillingen
Kristin O Bredholt
Leiar for Pedagogisk støtteteam
+47 907 62 605
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted