Sjukepleiar 100% fast stilling
Bukollektiva, Sula kommune
Molværsvegen 17, 6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling
Oppstart
10. juni 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 100 fast stilling for sjukepleiar, arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga justerast mellom 80-100%. Tiltredelse 10. juni 2024, evt anna dato etter avtale.
Søknadsfrist 31. mars 2024.
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Vi nytter velferdsteknologi i avdelingane.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Arbeidsoppgåver
- Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressursar.
- Praktisk hjelp
- Primærsjukepleie
- Miljøretta oppgåver/aktivisering med t.d. musikk, tur el.l.
- Medisinhandtering
- Palliasjon
- Nært samarbeid med pårørande og lege
- Planarbeid
- Generelle sjukepleieoppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
- Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
- Gode datakunnskaper
Personlege eigenskapar
Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Inkludering ei eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- God opplæring og nærledelse
- Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling
- Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Oppgi referanser
Krav om politiattest
Kontaktinformasjon
Eli Karin Lillebø Hageløkken, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, eli.karin.l.hagelokken@sula.kommune.noCecilie Ørjasæter, Einingsleiar, +4791596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Molværsvegen 176030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4662363316
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.06.2024
Søknadsfrist: 31.03.2024
Om bedriften
Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.
Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2336988
- Sist endret
1. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc9194c5e1b4477bb351cddb6fc67c05