Vikariat i grunnskulane
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikar i grunnskulane
Oppstart
1. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Vi treng vikarar i skulane våre frå no og ut skuleåret. Det gjeld både tilkallingsvikariat og lenger oppdrag. Det er først og fremst behov for lærarar som kan undervise i ulike klassar. Vi treng deg som har lærarkompetanse til å vere vikar i skulane våre. Om du har eit anna yrke no, som lar seg kombinere med lærarjobb framover, så ta kontakt og søk.
Vi har også behov for tilkallingsvikarar som assistentar og miljøarbeidarar i skule og SFO. Det er mange utdanningar og bakgrunnar som kan vere aktuelle her.
Søknadane vil bli handsama fortløpande med snarleg oppstart.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen satsar på Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt saman med Høgskulen i Vestland (Dekomp), og saman med Læringssenteret i Stavanger jobbar vi for eit godt og trygt læringsmiljø for alle. Skulane har gode fasilitetar for idrett og friluftsliv. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- undervisning
- miljøarbeid i skule og SFO
Kvalifikasjonar
- pedagogisk kompetanse, men andre vil også bli vurderte
- gjerne undervisningserfaring
- kompetanse eller erfaring innan miljøarbeid
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Det må foreligge tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 906 19 713Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262
Grete Aa Sandal, Rådgjevar oppvekst, 413 09 539
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4914639115
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 16.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Gro Larsen Hjelle
Rektor Breim skule
906 19 713
Ragnhild Laila Bruvoll
Rektor Gloppen ungdomsskule
418 03 716
Elisabeth Sunde Andenes
Rektor Nordstranda skule
958 69 279
Linn Kristin Øren
Rektor Sandane skule
913 31 262
Grete Aa Sandal
Rådgjevar oppvekst
413 09 539
Per Arne Strand
Kommunalsjef Oppvekst
+47 957 78 875
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2849306
- Hentet fra
talentech
- Referanse
86255884f150474289d9cb2f84f73d4e