Helgevakter og sommarvikarar
Fjordenes Tidende
Måløy
Om jobben
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, heltid
Antall stillinger
1
HAR DU LYST PÅ EIN SPENNANDE JOBB I NORDFJORDS STØRSTE MEDIEHUS?
Fjordenes Tidende er eit fritt og politisk uavhengig mediehus som har kontor i Måløy i Vestland fylke. Vi dekker kommunane Kinn, Stad og Bremanger.
Fjordenes Tidende ønsker å styrke redaksjonen i sommar for å sørge for at vi har sakene som engasjerer lesarane og set agenda. Vi er derfor på jakt etter sommarvikarar som trivst med ein variert arbeidsdag, høgt tempo og mykje som skjer.
Vi ser etter deg som:
- Har pågangsmot og entusiasme, og som jobbar raskt og presist
- Har gode allmennkunnskapar, og er allsidig og nysgjerrig
- Er oppdatert på nyheitsbildet, og har vilje til fange opp det folk snakkar om og lage journalistikk på det
- Kan levere innhald i fleire kanalar og på ulike plattformer, både tekst, bilde og video
- Er lærevillig og tilpassingsdyktig, ein god lagspelar som har evna til å jobbe sjølvstendig når det trengst
I sommar søker vi to personar til å jobbe frå midten av juni til midten av august. Kveld- og helgejobbing må påreknast. Du må ha førarkort, men vi har bilar. Du treng ikkje vere ferdig utdanna journalist for å søke, men du må vere oppteken av språk, rettskriving og historieformidling. I Fjordenes Tidende vil du få moglegheita til å utvikle deg, få faglege utfordringar og påverke eigen arbeidskvardag. Du blir del av ein dyktig redaksjon med høge ambisjonar og eit godt arbeidsmiljø.
Vi søker også etter helgevikarar til å dekke helgevakter gjennom året. Og om du er sportsentusiast, har vi også helgevakta som passar for deg! I Fjordenes Tidende har vi ledig stilling som dedikert sportsvakt der jobben er å dekke lokale idrettsarrangement gjennom helga.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Ansvarleg redaktør Erling Wåge, 911 80 780, erling@fjt.no.
Søknad med vitnemål, arbeidsprøver og referansar kan sendast på e-post til:
erling@fjt.no eller til Fjordenes Tidende, boks 55, 6701 Måløy
Søknadsfrist: 2. mars 2020
Om bedriften
Fjordenes Tidende er eit fritt og politisk uavhengig mediehus som har kontor i Måløy i Vestland fylke. Vi dekker kommunane Kinn, Stad og Bremanger.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
567478
- Sist endret
3. mars 2020
- Hentet fra
POLARIS
- Referanse
17128