Pedagog/fagarbeidar
Valle og Hylestad barnehagar , Valle kommune
4747 Valle
Om jobben
Stillingstittel
Pedagog/fagarbeidar
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. september
Valle og Hylestad barnehagar er vi ein gjeng trivelege tilsette med godt humør som er glad i å jobbe med barn. Jobben vår er å bidra til å gi barn og unge ein god barndom, og kva kan vere meir meiningsfylt enn det? Har du lyst til å jobbe saman med oss, og i tillegg ei utdanning som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar? Då bør du gripe denne sjansen til å søkje jobb i Valle og Hylestad barnehagar!
Me søker etter ein medarbeider i ei 100% fast stilling. Barne og ungdomsarbeidarar og barnehagelærarar oppfordrast til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å planlegge, gjennomføre, dokumentere pedagogisk arbeid i barnehagen
- Omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
- Foreldresamarbeid
- Vere ein god rollemodell
- Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Bidra med fagleg kompetanse inn i organisasjonen
- Legge til rette for at barna i barnehagen opplever ein trygg og anerkjennande kvardag
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse)
- Godkjent fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Personlige eigenskapar
- Me søkjer etter ein trygg og robust vaksen
- Fagleg interesse og evnen til å gjere gode refleksjonar rundt eigen praksis
- Du er løysingsorientert, positiv og engasjert
- Du er sjølvstendig og opptatt av å levere eit godt tilbod
- Du er anerkjennande og raus i møte med barna i barnehagen
- Ynskje om å delta i utviklinga av ein organisasjon i vekst
Vi tilbyr
- Løn tilsvarande 10 års ansiennitet ved godkjent utdanning som barnehagelærar. Som fagarbeidar kan du få tilleggsansiennitet etter vurdering.
- Stillingsbrøk 100%
- Eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- Gratis barnehage
- Ei triveleg bygd å bu i
Viktig for søknaden din:
- CV skal skrivast i Webcruiter-malen
- Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter.
- Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Kontaktinformasjon
Torgeir Andreas Helle, Leder/Virksomhetsleder, 94284357, torgeir.andreas.helle@valle.kommune.noArbeidsstad
Valle kommune
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 4847327412
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.valle.kommune.no
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2732370
- Sist endret
2. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a53cd443d2144da5b67a34b61dfcc7c8