Fast sjukepleierstilling
Gastrokirurgisk/urologisk post, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Sengepost for gastrokirurgi og urologi, Haugesund sjukehus har behov for fleire medarbeidarar.
Sengeposten vår har 36 senger, delt inn i fire grupper. Tre av gruppene er øyremerkte til gastrokirurgiske pasientar, medan den fjerde gruppa tek seg av urologiske pasientar. Vi handterer både planlagde og akutte innleggingar. Ein stor del av våre pasientar er kreftpasientar i ulike stadier av sjukdomsforløpet, i tillegg til pasientar med andre gastrokirurgiske og urologiske tilstandar. Vi tilbyr fast stilling frå 80-100 % i 3-delt turnus.
Det er mogeleg å søkje om helgestilling dersom dette er av interesse. Interne tilsetjingar kan føre til at det blir ledig andre stillingsstorleikar eller vikariat. Vennlegst oppgi i søknaden din om du er interessert i dette.
Du kan velje mellom vanlege vakter 16 helgar i året, langvakter 16 helgar i året med lønnskompensasjon eller langvakter 12 helgar i året. I vår avdeling har vi lagt opp til faste fagdagar og simuleringsdagar i turnusen.
Hos oss vil du få ei rekke utfordrande arbeidsoppgåver og eit miljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar!
Vi ser frem til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperativ sjukepleie
- Delta i utgreiing og behandling av pasientar med gastrokirurgiske og urologiske diagnosar
- Delta i palliativ behandling
- Planlegging av pasientforløp
- Dokumentasjon i journalsystema Dips og Meona
- Delta i tverrfagleg samarbeid på sengeposten, og samarbeid med andre einingar på sjukehuset
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleier
- Det er ønskeleg med gode kunnskapar om fagområde i seksjonen
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Fagleg innsikt, motivasjon og sjølvstende blir vektlagt
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå, med ei rekke fagressurser tilknytta avdelinga ( stomisjukepleier, uroterapeut, kreftsjukepleiar, sårsjukepleier m.fl)
- Fagdager og simuleringsdagar i turnus
- Fagutviklingssjukepleier
- Årsturnus med rom for individuelle ønske
- Løn i samsvar med gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, medlemsskap i KLP
- For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Bodhild Håkull, Funksjonsleiar - gastrokirurgisk/urologisk post, 46928593, bhaaku@ihelse.netKristine Meling, funksjonsleiar urologi, 91637361
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4895852933
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Kristine Meling
funksjonsleiar urologi
91637361
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2813654
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf4ddf87027b4a7db60b88e76750b2d5