Spesialrådgjevar -- Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon i Helse Vest
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4246738685 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig ein fast 100% stilling som spesialrådgjevar knytt til Helse Vest sitt samarbeidsorgan mellom helseføretaka, universiteta og høgskulane i regionen. Samarbeidsorganet er ein arena for saker av felles interesse innan forsking og innovasjon, og det har ein rådgjevande funksjon overfor dei institusjonane som inngår i samarbeidet.
Stillinga er ved Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking, som er organisert til Forskings- og utviklingsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen. Kompetansesenteret gir rådgjeving og støtte til helseføretaka, og har eit initierande og koordinerande ansvar for nettverksfunksjonar innan forsking og innovasjon i helseregionen.
Vi søkjer etter ein medarbeidar med høg kompetanse og relevant erfaring frå forskingsadministrativt arbeid på overordna nivå som kan bidra til å styrkje samarbeidet mellom helseføretaka og universitets- og høgskuleinstitusjonane i regionen. Spesialrådgjevaren vil samarbeide tett med fagleiar ved kompetansesenteret og med leiinga i regionen og andre helseføretak. Spesialrådgjevaren vil inngå i eit team av medarbeidarar som har som oppgåve å støtte det regionale helseføretaket i arbeidet kring forsking og innovasjon på eit overordna nivå.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og administrativt arbeid av særskild krevjande karakter. Inkludert å organisere, samordne, delta i og kunne leie ulike arbeidsgrupper.
- Ha ei aktiv rolle for å styrkje og vidareutvikle samarbeidet mellom deltakande institusjonar i samarbeidsorganet.
- Utgreiingsarbeid, saksførebuing og oppfølging av saker som skal fremjast for samarbeidsorganet.
- Bidra til oppfølging av Helse Vest sine forskingsmidlar (utlysing, organisering av vurderingsarbeid og rapportering).
- Arrangere konferansar, nettverksamlingar og andre arrangement for å styrkje regionssamarbeidet innan forsking og innovasjon.
- Bidra til å koordinere nasjonalt utviklingsarbeid av elektroniske løysingar for forskings- og innovasjonssøknadar, rapporteringar og liknande.
- Suparbrukar i fagsystem.
- Det kan vere aktuelt med andre oppgåver innanfor temaområdet forsking og innovasjon.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på mastergradsnivå.
- Relevant erfaring frå forskingsadministrativt arbeid på overordna nivå, er ønskjeleg.
- Erfaring med å leie utgreiingsarbeid og arbeidsgrupper vil bli positivt vektlagt.
- Kjennskap til samhandlinga innan forsking og innovasjon mellom universitet, høgskular og helseføretak vil bli særleg vektlagt.
- Kjennskap til organisering og styring av norsk helsevesen vil bli positivt vektlagt.
- Søkjar må kunne handtere norsk og engelsk svært godt, både munnleg og skriftleg.
- Skriftleg framstillingsevne blir særleg positivt vektlagt, i tillegg til formidlings-, presentasjons- og kommunikasjonsferdigheiter.
Personlege eigenskapar
- Vere initiativrik, sjølvstendig og analytisk
- Kunne jobbe målretta og resultatorientert, men også vere fleksibel
- Ha god evne til å organisere, vere flink til å prioritere arbeidsoppgåver
- Ha gode samarbeidsevner og å vere eigna til jobbens krav
Vi tilbyr
- Vi kan tilby spennande utfordringar i ein organisasjon som er i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver
- Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Sølvi Lerfald, Fagleiar, 55974734/95890572, solvi.lerfald@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 28
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4246738685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.