Lærar
Org. nr: - Stillingsident: 4192420534 Presentasjon av stillingen:
Inntil 3 stykk 100 % faste lærarstillingar ledig ved Tennford skule frå 01.08.20.
Tennfjord skule er ein barneskule med omlag 185 elevar. Skulen sin visjon er "La tusen blomar bløme" . For å nå visjonen vår er verdiane varme, engasjement og meistring viktig for skulen. Skulen er ein dysleksivenleg skule. Elevane i 1. til 4. klasse har kvar sin iPad, og elevane i 5. til 7. klasse har kvar sin PC.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og opplæring i ulike fagemner for barn i grunnskulen.
- Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for det enkelte barn.
- Godt samarbeid med føresette og andre faginstansar.
- Tett og godt samarbeid med kollegaer.
- Kan bli tillagt kontaktlæraransvar
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarkompetanse for grunnskulen jfr. forskrift til opplæringslova kapittel 14. Det er spesielt ønskeleg med fagkompetanse i norsk, matematikk og engelsk.
- Evne til å nytte digitale hjelpemiddel og tilegne seg digital kompetanse.
- Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg. Tennfjord skule nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar
- Trygg og god klasseleiar med blikk for den einskilde elev.
- Gode samarbeidsevner og relasjonelle eigenskapar.
- Stabilitet og personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt læringsmiljø.
- Kunne nytte ny teknologi i undervisninga og vere ein skule i digital utvikling.
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Verksemdsleiar/Rektor
Arbeidsstad
Tennfjordvegen 137
6264 Tennfjord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4192420534
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.