Barnehagelærar vikariat 100 %
Modalen kommune
Mo 3, 5729 Modalen
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar vikariat 100 %
Type ansettelse
Vikariat
Antall stillinger
1
Velkomen til Modalen barnehage!
Barna i Modalen barnehage er stolte over barnehagen sin og ønskjer nye kvardagsheltar velkomne.
Er Modalen barnehage best? Ja, meiner barna! Sjå sjølv då vel!
Om stillinga
Som barnehagelærar i Modalen barnehage får du god oversikt og tett kontakt med borna. Me er ein liten 2 avdelings barnehage med god bemanningsnorm og høgare krav til pedagogtettleik enn nasjonalt nivå. Me ligg vakkert til i nær tilknytning til skog og natur. Me har fokus på språk, tegn-til-tale, humor og glede.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Pedagogisk utvikling i barnehagen
- Planlegging, gjennomføring, evaluering og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet.
- Bidra til å skapa, leikande, meiningsfylte dagar saman med barna i barnehagen
- Godt foreldresamarbeid
- Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø med både barn og voksne
- Samarbeid med ulike instansar
- Digital dugleik med og uten barn.
Kvalifikasjonskrav
- Barnehagelærarutdanning
- Gyldig politiattest, jamfør Lov om Barnehagar § 30
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Våre ynskje om deg
- Ein hjartevarm og inkluderande voksen som alltid har barna i fokus
- Ein tydeleg og god rollemodell
- Nysgjerrig, engasjert, fleksibel og positiv
- Pålitelig, robust og løysingsorientert
- Oppteken av kvalitet og fagleg utvikling.
Søk stilling hos oss!
Vil du jobbe på ein spanade arbeidsplass med moglegheit til å påverke og utvikla den pedagogiske verksemda? Då er dette jobben for deg!
Me tilbyr:
- Moglegheit for pedagogisk leiarstilling (tillegg på kr 30 000,-)
- Garantiløn tilsvarande 8 år ansiennitet
- Tilsetjing og lønn etter gjeldande avtaleverk og lover
- Nedbetaling av studielån inntil 20 000,- på år for full stilling i inntil 5 år
- 6 timar planleggingstid
- Opplæring til stillinga og rettleiing for nyutdanna
- Motiverte og engasjerte kollegaer med fokus på arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar
- Tilretteleggjing for vidareutdanning
- Gode seniortiltak
- God pensjonsordning i KLP og IA-avtale.
Modalen kommune jobbar for å ha ein høgare pedagognorm enn nasjonalt og ein høgare grunnbemanning med 5 born per tilsett.
Mannlege søkjarar vert spesielt oppfordra til å søkja.
Om bedriften
Modalen barnehage er ein liten og oversiktleg nærmiljø-barnehage, der alle lett vert inkludert.Barnehagen har to avdelingar, ein småbarnsavdeling og ein 3-6 årsavdeling. Barnehagen ligg flott til midt i dalen, med vakker skog som næraste nabo. Barn og vaksne er mykje ute, både på barnehagen sitt uteområde, og på turar i nærmiljø. Me disponerer bil med 9 -seter slik at me kan reise rundt på besøk til skulen, aldersheim, sentrum og andre stader. Me er opptekne av å møte barnet der det er, og legg vekt på at barna vert trygge på seg sjølv og sitt møte med omverda. Vaksne er trygge, rause, anerkjennande og engasjerte i møte med barnet. I Modalen barnehage arbeider me for at barna sitt beste blir ivaretatt, og at personalet har god dialog med foreldre og barn. Me legg til rette for ein variert, aktiv og trygg kvardag gjennom leik, læring, samhold, latter og humor.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2688561
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10216336