90% stilling som barne-og ungdomsarbeidar eller assistent
Stillinga er fordelt slik:
50% fast stilling
20% vikariat i perioda 01.08.19-31.07.20
20% vikariat i perioda 01.08.19-31.12.19
Ønska kvalifikasjonar:
Stabil arbeidsevne, god fysisk og psykisk helse
Genuint interessert i å delta saman med barn i utforskande og leikande aktivitetar
Løysingsorientert
Blid og positiv
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Relevant yrkeserfaring frå barnehage kan kompensere for formell kompetanse.
Ved interne endringar kan det verte ledig stilling som assistent med kjøkkenansvar i staden for. Lat det difor kome fram av søknaden om det er eine eller begge stillingane du søkjer på.
Krav om gode norsk-kunnskapar, nådd nivå A2 og B
Menn vert oppfordra til å søkje.
Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest før tiltreding (Barnehagelova § 19)
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
- Søknadsfrist: 30.juli
Søknad og attestar/vitnemål kan sendast til ++farkvamen@orstabarnehagen.no++ eller Farkvamen barnehage, Skogvegen 18, 6150 Ørsta
Eventuelle spørsmål kan rettast til styrar Ellen Bjørdal Eikenes på e-post eller telefon 928 21 705.
Om bedriften
Farkvamen barnehage er ein privat barnehage som er medlem av PBL. Vi ligg fint til i Ørsta med nærleik til både fjøre, skog og fjell. Motorisk aktivitet og friluftsliv er sentrale aktivitetar i vår barnehage. 📷