Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Gol barnehage lyser ut etter barnehagelærar/pedagogisk leiar barnehageåret 2019-2020, heiltid/deltid. Utlysinga gjeld vikariat/mogeleg fast stilling som kjem i løpet av hausten og ev. seinare i barnehageåret.
Gol barnehage er felles overordna organiseringa av dei tre kommunale barnehagane, Breidokk barnehage m. naturavdeling, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen ca. 1 - 5/6 år.
I Gol barnehage arbeidar vi med ein kontinuerlig utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i utvikling og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltar i regionale utviklingsprosjekt. Vi er med i den nasjonale satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø.
Innhald i stillingane: Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehage, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet enten aleine eller saman med fleire pedagogar på "sin" avdeling. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.
Dine kvalifikasjonar:
- Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
- Erfaring frå barnehage
- Bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
- Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi ynskjer oss av deg:
- Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
- Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid - deltakande i vidareføring av utviklingsarbeid i barnehagen
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibilitet
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Løn etter utdanning og praksis
- Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar
- Stillingsbeskriving
Anna:
- Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane
- Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
- Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attester
Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.