Serviceteknikar
++Arbeidsoppgåver:++
- Service og vedlikehald på el.mek utrustning
- Planlegging og dokumentasjon
- Del av vaktlag som driftar kraftverk
- Utstrekt reiseverksemd
++Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:++
- Fagbrev Elektrikar Gr.L eller Automatikar
- Erfaring frå småkraftbransjen er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- Strukturert og sjølvstendig
- Likar utfordringar og samarbeid
- Førarkort kl. B
++Me tilbyr:++
- Ei stilling med personlege utviklingsmoglegheiter
- Moglegheit til å vera med å forma eit firma i vekst
- Gode pensjon og forsikringsordningar
- Positivt og engasjerande miljø
Om bedriften
Proxima Hydrotech AS er ein leiande leverandør av driftsstøttetenester til småkraftbransjen i Noreg. Proxima Hydrotech tilbyr døgnbemanna vakt og beredskapsordning i tillegg til service og vedlikehald tenester.
Selskapet tilbyr eige system for driftsovervaking som er tilpassa alle kjende utstyrsleverandørar slik at me kan levera tenestene uavhengig av teknologisk plattform hjå kraftverka.
Me er i sterk vekst og søkjer difor etter fleire medarbeidare!