Grønebakkane bustader
Øygarden kommune Grønebakkane bustader
Grønebakksvegen 7, 5382 Skogsvåg
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar 100% mellombels
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om avdelinga:
Grønebakkane bustadar yter heildøgns omsorgstenester til 14 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Grønebakkane ligg i Skogsvåg med gangavstand frå Skogsvåg bussterminal.
Vi har som målsetting å bidra til at den einskilde bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvråderett og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, anna høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar, barne og ungdomsarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver:
- Miljøarbeid/dagleg oppfølging
- Medikamenthandtering
- Primærkontaktansvar
- Arbeid etter kap.9
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
Kvalifikasjonar:
- Autorisert helsefagarbeidar / barne og ungdomsarbeidar
Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om ikkje kvalifiserte søkjarar søkjer.
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming med samansette vanskar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Vere kjend med elektronisk klientsystem
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å gje det lille ekstra i møte med tenestemottakar og familie
Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt.
Anna:
- Gyldig politiattest må førevisast for den som blir tilsett
- Årsplan på 52 veker, med ulike arbeidstidsordningar med 13,5 timar i vekene og helger.
- Vikariatet er frå 01.09.24 - 01.09.25
Vi tilbyr:
- IA-bedrift
- Ein gjevande og meiningsfull jobb
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar Daniel Røed, 489 91 864
Einingsleiar Kristin Straume, 997 99 526
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2687650
- Sist endret
10. juli 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3371573_241405_nn