Fagarbeidar/assistent - Skattebøl barnehage
Ål kommune Skattebøl barnehage
Branesvegen 2,, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Skattebøl barnehage har ledig eit vikariat som fagarbeidar/assistent i inntil 100% stilling i perioden 01.03.25 til ca 15.08.25, med moglegheit for forlenging. Frå 1. mars 2025 utvidar Ål kommune Skattebøl barnehage med ei avdeling for barn i alderen 1-3 år. Denne avdelinga blir fysisk plassert ved Skattebøl skule.
Skattebøl barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg fint til i eit skogholt, i Granhagen/ Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider, www.aal.kommune.no.
Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag. I Skattebøl barnehage set vi «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barna sin leik er høgt verdsett.
Kvalifikasjonar:Personlege eigenskapar:
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- er positiv
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
- er løysingsorientert, fleksibel og lojal
- kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:- ein barnehage med eit god fagleg miljø
- ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
- meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
- pensjonsordning i KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
- gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2813264
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3441461_227559_nn