Miljøterapeut ved Åheim skule
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Ospelida 4, 6146 Åheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut i skulen
Oppstart
6. januar 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Engasjement som miljøterapeut ved Åheim skule inntil 100% ut skuleåret 2024/2025.
Vi søkjer ein engasjert miljøterapeut som vil bidra til å styrke læringsmiljøet og trivselen for elevane våre.
Som miljøterapeut vil du jobbe tett saman med både elevar og tilsette, og vere ein viktig ressurs i skulen sitt miljøarbeid. Stillinga krev sjølvstende, initiativ og evne til å byggje gode relasjonar med elevar, kollegaer og føresette.
Arbeidsoppgåver
- Støtte enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen og bidra til sosial meistring både på skulen og SFO.
- Samarbeide med lærarar og andre tilsette om tilrettelegging og oppfølging.
- Støtte elevane i skulekvardagen og bidra til sosial meistring.
- Utvikle og gjennomføre tiltak som fremjar trivsel og godt læringsmiljø.
- Bidra til konfliktløysing og førebyggjande arbeid.
- Vere ein trygg vaksen person som elevane kan stole på.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog.
- Personar med annan relevant kompetanse kan også søke.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Gode samarbeidsevner og høg kommunikasjons- og relasjonskompetanse.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing føreset godkjent politiattest.
Er du den vi leitar etter?
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Moglegheit til å påverke og utvikle miljøarbeidet ved skulen
Søknad skal sendast gjennom kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Ole Martin Brudevoll, Rektor Åheim skule, 98892465, ole.martin.brudevoll@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Ospelida 46146 Åheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4893733755
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811385
- Hentet fra
talentech
- Referanse
79e10c6640db496e95de132b3b190e1d