Rektor Valldal skule
Fjord kommune har ledig 100 % stilling som rektor på Valldal skule frå 01.08.2024. Oppstart tidlegare kan vere aktuelt.
Valldal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse og vaksenopplæringa for Fjord kommune. Vi ligg lokalisert i Syltemoa, tett under Syltefjellet, i Valldal sentrum. Skulen har rundt 130 elevar som kjem frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda. Det er gode fasilitetar både inne og ute.
Skulen vert leia av rektor, inspektør og ein i merkantil drift skule og SFO. I tillegg 3 teamleiarar på småskule-/mellom- og ungdomstrinn.
Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi.
Fjord kommune har nynorsk som målform og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av lærings- og utviklingsarbeid
- Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
- Forvalting og kvalitetsutvikling
- Økonomistyring og resultatkontroll
- Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø
- Tverrfagleg samarbeid om barn og unges oppvekst
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
- Kunnskap om leiing, økonomi og IKT/teknologi
- Vere oppdatert på forsking rundt skuleutvikling og kunne bruke den kunnskapen i praksis
- Digital kompetanse
- Relevant leiarutdanning og fullført eller påbegynt rektorutdanning.
- Om ein ikkje har rektorutdanning, ønskjar arbeidsgjevar at den tilsette tar dette snarast muleg.
Personlege eigenskapar
- Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
- Setter elevanes læring og trivsel i sentrum
- Har evne til å motivere og engasjere
- Samarbeide godt med leiarteamet, tilsette, elevar, foreldre og andre
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg
- God relasjons- og samhandlingskompetanse
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Tilsettjing på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pensjonsordning i SPK
Kontaktinformasjon
Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 41867830, mariann.ringdal.birkhol@fjord.kommune.noArbeidsstad
Skulebrauta 466210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4793868597
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no