Ferievikar ved Bryneheimen og Sivdamheimen
Sivdamheimen 1
Røyrvika 12, 4344 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar ved Bryneheimen og Sivdamheimen
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Me søker etter ferievikarar til Bryneheimen og demensavdelinga ved Sivdamheimen 1.etg. Me ønskar deg som vil vera med i sommar og spreia glede og god omsorg til personar som bor på langtidsinstitusjon.
Sivdamheimen ligg i sentrum og har kort avstand til buss- og togstasjon. Me har 3 fløyar fordelt med 7 pasienter på kvar fløy. Bryneheimen består av 2 avdelingar i kvar sin etasje. Begge etasjane har hovudsaklig somatiske avdelingar, 1.etg har ein fløy for personar med demens. Bryneheimen ligg også sentralt på Bryne og har kort veg til offentleg transport.
Det er størst behov for ferievikarer i vekene 25-33. Det er viktig at du spesifiserar kva tidsrom/veker du kan arbeida i. Kvalifiserte søkarar som kan arbeida heile ferien vil verta prioriterte.
Kandidatar vil varta vurderte fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Som ferievikar skal du vera med og gje omsorg og stell etter dei retningslinjene som er i kvar avdeling.Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
- Studentar, elevear med helsefagleg bakgrunn
- Andre med erfaring innan sjukeheim
- Krav om godkjent politiattest
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har tilsvarande B2 nivå
Personlege eigenskapar
- Tek initiativ og kan arbeida sjølvstenig og i team
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Bidreg til eit posititvt og godt arbeidsmiljø
- Likar nye utfirdringar
- Me legg vekt på at dei tilsette er eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Monica Taksdal, Assisterande avdelingsleiar Sivdamheimen 1.etg, 47631054, monica.taksdal@time.kommune.noArbeidsstad
Røyrvika 124344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4910650356
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844526
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fb3ee896507544238909cbe70930bede