Psykologspesialist/Psykolog
Fys.med sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. desember
Liker du å jobbe tett med andre faggrupper, pasientar og pårørande? Då vil vi gjerne ha deg med på laget.
Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering har ledig vikariat i 100 % stilling som psykologspesialist i nevropsykologi, med oppstart 03.02.25 til og med 31.12.2025!Som psykolog hos oss er du tilsett i poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, men arbeidet ditt vil også vere i rehabiliteringssengeposten. Ved sengeposten gir vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket med traumatiske hjerneskader, hjerneslag, nevrologiske lidingar, ryggmargsskade, komplekse multitraumer og amputasjonar.
Jobben vil bestå av oppfølging av pasientar innlagt i sengeposten, hovudsakleg hjerneskadeteamet, rehabiliteringspoliklinikk og ambulante tenester i tett samarbeid med det tverrfaglege teamet. Det vil også vere poliklinisk nevropsykologiske oppgåver inkludert i stillinga.
Vi håpar å høyre frå deg! Sjå også gjerne innom vår instagram konto: Fysmed_alesund_hmr.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Nevropsykologisk utgreiing av pasientar i sengepost og poliklinikk
- Inngå i tverrfagleg team for kognitiv rehabilitering
- Poliklinisk og ambulant oppfølging av pasientar
- Undervisning, rådgjeving og veiledning av andre faggrupper og instansar
Kvalifikasjonar
- Formelle faglege kvalifikasjonar
- Norsk lisens/autorisasjon
- Godkjenning som psykologspesialist i klinisk nevropsykologi
- Psykologer som er i spesialiseringsløp til klinisk nevropsykologi, eller med interesse for nevropsykologi er også velkomne til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du har gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Gro Westnes Lindin, Ass. seksjonsleiar, 70105751/41, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4881150795
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 02.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794713
- Hentet fra
talentech
- Referanse
818c97eac63d43c6a4a3f54daebbc00e