Rektor/Prosjektrektor
Org. nr: 923720782 Stillingsident: 4197065022 Presentasjon av stillingen:
Vil du bli rektor/prosjektrektor på den nye vidaregåande skulen i Førde
Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet hjå elevane, og gir dei eit godt grunnlag til å møte endringar i framtida? Vil du sette retning og bidra med å utvikle eit nytt og framtidsretta kompetansesenter?
Fylkestinget har vedteke å etablere eit nytt opplærings- og kompetansesenter i Førde. Dette er eit prosjekt som legg opp til samlokalisering av Mo og Øyrane, og Hafstad vidaregåande skular til ein felles ny vidaregåande skule i Førde. Det skal leggast til rette for eit godt læringsmiljø med gode relasjonar mellom elevar og tilsette på tvers av fag og utdanningsprogram. Skulen vil ha om lag 1000 elevar og om lag 220 tilsette, og tilby 11 ulike utdanningsprogram.
Arbeidsoppgåver
I perioden fram til ferdigstilling av skulen vil stillinga vere delt mellom å ha ansvar for etablering av den nye skulen og andre leiaroppgåver for dei eksisterande skulane. Som prosjektrektor skal du sette retning for den nye skulen. Det vil bli etablert eit fleirfagleg prosjekt for den organisatoriske og pedagogiske planlegginga fram til skulen er komen i drift. Prosjektrektor skal leie dette prosjektet. Ei viktig oppgåve vil vere å bygge ein felles kultur. Stillinga går over til fast rektorstilling ved den nye skulen når den er komen i drift.
Kvalifikasjonar
Den som blir tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: "Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar". Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i tilsettinga. Erfaring frå vidaregåande opplæring er ein føresetnad og vi forventar høg digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
● set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
● har vilje og evne til å sameine skuleleiing og tilsette om samarbeid for eleven
● arbeider målretta med eksterne samarbeidspartnarar
● opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
● har gode leiareigenskapar og lang praksis frå leiarstilling
● har god kjennskap og erfaring frå vidaregåande opplæring
● har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring
eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
løn etter avtale
fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune har høg kompetanse på utvikling, leiing og styring av dei vidaregåande skulane. Vi legg vekt på godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Tor-Einar Holvik Skinlo, Regionleiar, 95839029
Arbeidsstad
Øyravegen 1
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4197065022
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2020