Ph.d.- Stipendiat i geologi
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ph.d.- Stipendiat i geologi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i geologi
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i geologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av InFluSe-prosjektet (Integrated study of Fluid Migration and Seepage in the Southern Norwegian North Sea - Implications for hydrocarbons, environment, and CO2 storage) som er støtta av Norges Forskningsråd, Equinor og AkerBP.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
I den sørlege norske delen av Nordsjøen er det gjort mange observasjonar som gjev prov for storskala migrasjon av hydrokarbon og naturleg lekkasje. Dette inkluderar observasjonar av oljeflak frå satellitt-basert syntetisk apertur-radar, observasjonar av gassbobler frå multistråle-ekkolodd, og observasjonar av lekkasje under dykk med miniubåt. Det har førebels ikkje vore gjort nokon systematiske forsøk på å skapa ei heilskapleg forståing av dette hydrokarbon-systemet frå kjelde til lekkasje, noko som er uheldig sidan forståinga av kjeldebergart, migrasjonsvegar, mekanismar for gjennomtrenging av forseglingar, distribusjon av oppkommer og lekkasjerater har viktige implikasjonar for miljøet, klimaet, hydrokarbonleiting og integriteten til CO2-lagringsstader.
I InFluSe-prosjektet skal eit tverrfagleg lag, beståande av seniorforskarar og fire ulike doktorgradsstipendiatar, undersøkje kjelde-til-lekkasje-systemet i den sørlege norske delen av Nordsjøen gjennom analysar av nye og eksisterande data frå fire ulike perspektiv: 1) fjernmåling og geomatikk; 2) undergrunnsdata (seismikk, borehols- og kjernedata) og sedimentære system; 3) geofysikk og nær-overflategeologi; og 4) geokjemi og geobiologi. Analysearbeidet vil bli støtta av ei rekkje vitskaplege tokt for å samle inn nye data frå SNNS-området. Denne utlysinga gjeld stilling 2, som handlar om å tolke eksisterande undergrunnsdata og utføre modellering for å forstå migrasjonssystemet frå kjelde til lekkasje. Samarbeid og deling av data mellom dei ulike delane av prosjektet er svært viktig, og relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevne er sentrale for den som får stillinga.
Kandidaten til denne stillinga vil analysere eksisterande seismikkdata (2D, 3D, høgoppløyseleg grunnseismikk frå grunnundersøkingar), boreholsdata og kjernedata for å kartleggje viktige element i migrasjonssystemet frå kjelde til lekkasje (kjeldebergart, akviferar, forkastingar, skorsteinstrukturar). Kandidaten vil få tilgang til toktdata og fjernmålingsdata frå andre delar av prosjektet for å avgrense tolkingane. Kandidaten vil gjennomføre simuleringar av modning, migrasjon og gjennomtrenging av forseglingar for å teste hypotesar og avgrense lekkasjerater. Denne modelleringa vil bli utført saman med partnarinstitusjonar, og opplæring vil bli gitt, så det krevst ingen tidlegare erfaring med modellering.
Kandidaten vil få høve til å delta på relevante vitskaplege tokt innan prosjektet, delta på relevante sommarskular, inkludert feltekskursjon som har fokus på lekkasje av hydrokarbon i Nordsjøen, delta på internasjonale vitskaplege konferansar og delta på andre geologiske feltkurs. Kandidaten vil samarbeide med partnarar frå industri og offentleg forvaltning, og vil dermed få mykje eksponering for vidare karriereutvikling.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap med fokus på undergrunnen. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå 3D-seismisk tolking er eit krav.
- Erfaring frå geologien i Nordsjøen er ein fordel.
- Kompetanse i petroleumsgeologi er ein fordel.
- Erfaring frå felt er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiatSamla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV.
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar.
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
- eventuell liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker).
- eventuelle publikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Christian Haug Eide, Institutt for geovitskap, christian.eide@uib.no eller forskar Jo Brendryen, Institutt for geovitskap, jo.brendryen@uib.no
For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, Mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig