Produksjonsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4437475178 Presentasjon av stillingen:
Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon i alle ledd i produksjonsprosessen, har Bremnes Seashore gått i bresjen for å heve kvaliteten på oppdrettslaks verda over. Norges første merkevare for fersk fisk, SALMA, er blant produkta du finn i vår produktportefølgje. For å halde oss i tet treng me stadig påfyll av nytenkande og engasjerte medarbeidarar. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Me har ledig nyoppretta stilling som produksjonsleiar, og søkjer etter ein motivert, engasjert og erfaren person som vil vera med å utvikla foredlingsavdelinga vår. Stillinga vil rapportera til avdelingsleiar, og vil vera ein del av leiargruppa i prosessavdelinga. Er du den me ser etter?
Arbeidsoppgåver
- oppfølging av dagleg drift av avdelinga
- sikre nøyaktig og systematisk oppfølging av HMS, kvalitet og hygiene
- planlegging og oppfølging av Salma/filetproduksjon
- samarbeid med interne og eksterne aktører
Kvalifikasjonar
- fagbrev og/eller erfaring innan sjømatproduksjon, fiskeindustri, tekniske fag eller tilsvarande (ikkje eit krav)
- bevisst på kvalitetsarbeid og forståing for verdien av hygiene og kvalitet i næringsmiddelindustrien
- gode norsk-/engelskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- evne til å tenkja heilskap og sjå samanhengar i produksjonen
- gode samarbeidsevner og stå på-vilje
- fleksibel med omsyn til arbeidstid
- gode datakunnskapar
Vi tilbyr
- ei spanande rolle i ein bransje som er i sterk utvikling
- konkurransedyktige vilkår
- faglege utfordringar og høve til å utvikla deg personleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Trond Ånderå, på telefon 90737397.
Kontaktinformasjon
Trond Ånderå, Avdelingsleiar, foredling, 90737397
Arbeidssted
Øklandsvegen 90
5430 Bremnes
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bremnes Seashore
Referansenr.:4437475178
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2021