Psykolog 100 % fast kombinert stilling - Bømlo og Stord
Det er ledig inntil 100 % stilling som psykolog frå 01.01.2019 i Bømlo Barne og Familieteneste i samarbeid med BUP Stord/ Helse Fonna. Stillinga vil kombinerast med evnetesting i PPT og kommunepsykolog innanfor det psykiske helsefeltet barn og unge i Bømlo, medan halve stilling er knytt til psykologteam i BUP Stord for å få eit breitt og solid fagfelt å jobbe innunder. Barne- og familietenesta (BFT) er ei fleirfagleg teneste som består av pedagogisk psykologisk teneste (PPT), helsestasjonsskulehelse og jordmorteneste, avlastningsbustad samt sosiale tenester for personar med funksjonsnedsetting. BUP Stord, Helse Fonna gjer tenester på spesialistnivå til barn og unge ( 0-18 år) I Sunnhordland og Hardanger. Stillinga er kontorplassert på Bømlo, Bømlohallen Svortland og Stord, Stord Sjukehus. Det er ca. 30 min. køyring mellom arbeidsplassane. Me er på jakt etter deg som er utdanna psykolog og er på jakt etter ein spanande arbeidsplass med gode utviklingsmoglegheiter. Denne stillinga vil vere ein unikt høve å kombinere kommune og spesialisthelsefagfeltet i ei stilling. Me lanserte nyleg barn og unge sine helsetenester. Sjå film og bli betre kjend med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Hovudmålsetjinga med stillinga:
at barn og ungdom som treng det skal få ei god og grundig utgreiing
å gi god og grundig rettleiing til foreldre for å hjelpe barnet sitt
Personlege eigenskapar som vert vektlagt er:
har god arbeidskapasitet
er påliteleg
er fleksibel
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
kan arbeide sjølvstendig
For stillinga kan me tilby:
Interessante og spanande utfordringar
Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
Løn etter avtale og fleksible arbeidsforhold
Me oppmodar menn og personar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga
For meir informasjon:
BFT - verksemdsleiar Linda Hellen - 909 61 702
eller epost: lhe@bomlo.kommune.no
BUP Stord - funksjonsleiar Siv Merete Handeland - 992 88 092
eller epost: Siv.Merete.Handeland@helse-fonna.no