Viktig arbeid er ledig - vi ansetter fast!
Hjarte/Lunge sengepost Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
15. august 2022
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Vi har ledige stillingar i verdas beste jobb (om vi får sei det sjølv). For tida er det ledig to stk faste stillingar ved hjarte/lunge sengepost.
Avdelinga har 22 sengeplassar og mange erfarne, og fagleg sterke sjukepleiarar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med trygg og open kommunikasjon, og tar godt i mot nye.
Vi har regelmessige fagdager, og jobbar kontinuerleg med å halda oppe ein høg fagleg standard. I tillegg til ei gruppe med hjartepasientar og ei gruppe med lunge/gastropasienter har vi pasientar med mange ulike medisinske diagnosar.
Det er derfor alltid noko nytt å læra hos oss, noko som gjer arbeidskvardagen både utviklande og spennande.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande og Høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger.
Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo
Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar, oppgi i søknaden din dersom dette er aktuelt.
Vi ynskjer å høyre frå DEG!
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om stillingene.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiarfagleg oppfølging av pasientar saman med andre faggrupper
- Gi god omsorg til pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ha gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig
- Du har høg arbeidsmoral
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Positivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå, stor bredde på medisinske problemstillingar
- Mulighet for nattevaktsturnus
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å
leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Anne Grete Solli, Funksjonsleiar, 91727832Olaug Sætre, Funksjonsleiar, 91775001
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4522706047
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.08.2022
Søknadsfrist: 03.06.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2012353
- Sist endret
4. juni 2022
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2cdc3fa5babd475491fb27b5759e00aa