Korttidsseksjonen,Volda Omsorgssenter har ledig vikariat for sjukepleiar/helsefagarbeidar
Volda kommune, Institusjonsteneste
Barstadmarka 2, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Korttidsseksjonen ,Volda Omsorgssenter har ledig vikariat for sjukepleiar/helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar eller helsefagarbeiderar som er interessert i å arbeide på Volda kommune si aktive og spennande korttidsavdeling. Og som er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Korttidsavdelinga inneheld ordinær korttidsfunksjon samt øyeblikkelig hjelp funksjon både innan somatikk og psykiatri. Autorisert vernepleiar kan og søke.
Vi søker etter deg som synes det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden.
Vi har tett dialog med fysio-/ ergoterapeuter, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor
Vi arbeider miljøretta, der du i møte med pasienten er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meningsfylt kvardag for pasientar og pårørande.
Vi har no ledig eit vikariat , med mogelegheit for fast tilsetting for sjukepleiar/helsefagarbeidar på Volda Omsorgsenter. Stillinga er organisatorisk knytt til korttidsseksjonen, men skal ha eit tett samarbeid med langtidsavdelinga i samme etg. Det er todelt turnus med arbeid kvar 3 helg.
Vi er i ein tidleg prosess der vi skal arbeide med å etablere sjukepleieteam.
Vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Arbeidsoppgåver
- Utøve helse- og omsorgstenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
- Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
- Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
- Omsorg ved livets slutt.
- Tett pårørande samarbeid.
- Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
- Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
- Fokus på aktivitet og sosialisering.
Kvalifikasjonar
- Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
- Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
- Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
- Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
- Du er fagleg engasjert, positiv og sett pasienten i sentrum.
- Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
- Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
- Du har lyst til å bidra til utvikling.
- Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
- Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens korttidsseksjon".
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
- Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
- Engasjerte og hyggelege kollegaer.
- Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
- Regelmessig internundervisning.
- Gode pensjons og forsikringsordningar.
- Vi vil kunne gjere tilsetjingar fortløpande.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noElsebeth Melle, Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4920814327
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 02.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2863181
- Hentet fra
talentech
- Referanse
934737804226407a971569c959f280f2