Miljørettleiar, 80 % fast stilling
FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune
6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar og om lag 60 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppen modellen og i samarbeid med nettskulen i Vestland fylkeskommune.
Frå 01.08.2024 har vi ledig 80 % fast stilling som miljørettleiar
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein person som kan vere med og styrke open skule tilbodet ved Firda vgs og som kan følgje opp enkeltelevar i skulekvardagen. Den som vert tilsett må rekne med at noko av arbeidstida vert lagt til kveldstid. Det er ønskjeleg at personen som vert tilsett har bakgrunn frå arbeid med ungdom.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med høgare utdanning innafor arbeid med ungdomPersonlege eigenskapar
Du har eit sterkt engasjement der elevane er i sentrumDu er ein tydeleg og varm vaksen
Du er opptatt av eleven sitt beste
Du har kompetanse i å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer
Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
Du bidreg til å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fag- og arbeidsmiljø
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader.
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 07.04.24
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til avdelingsleiar Charlotte Østebø Nilsen, tlf 957 09 458 eller rektor Hallgeir Hansen, tlf 415 30 885.
Kontaktinformasjon
Hallgeir Hansen, rektor , 41530885Charlotte Østebø Nilsen, avdelingsleiar, 95709458
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4787799833
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Nettsted
www.firda.vgs.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2599300
- Sist endret
8. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
669516fdc2e947779a968076f5c77389