Gaular i Sunnfjord kommune har ledig stilling som
Sunnfjord kommune Landbruk og miljø
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Veterinær
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sunnfjord kommune har 22 500 innbyggarar, og ligg i Vestland fylke. Sande, den største tettstaden i området Gaular, ligg sentralt i kommunen, like ved E39 ca. 20 min i bil frå kommunesenteret Førde.
Gaular har ein relativt kompakt geografi. Frå Sande er avstandane til dei ytste gardane/bygdene som følgjer:
- Laukeland ca. 25 km
- Bjørvikstranda ca. 18 km
- Dregebø ca. 12 km
- Mjell ca. 34 km
- Vikum ca. 35 km
- Langeland ca. 11 km
Det er tre andre veterinærar tilsett i Sunnfjord kommune (Naustdal, Førde og Jølster). I tillegg er det 4 veterinærar ved EMPET sin smådyrklinikk i Førde og ein sjølvstendig veterinær som deltek i dagpraksisar og vakt.
Omtale av stillinga:
- 20 % stilling i Sunnfjord kommune.
- Deltaking i vaktordning for vaktdistriktet Førde-Gaular-Jølster. Forplikta til 3-delt vakt, saman med 6 andre veterinærar.
- Sjølvstendig dagpraksis som veterinær og semin-ansvarleg for Gaular.
- Høve til avlasting i dagpraksis (via veterinær Irene Nergård).
- Viss ønskeleg: mentorordning/rettleiing via dagens veterinærar i vaktdistriktet Førde-Gaular-Jølster.
I dagpraksis vil du ha ansvar for veterinær- og semintenester til 113 bønder i Gaular. Av desse er 36 mjølkeprodusentar. I tillegg nokre hesteeigarar. Per i dag er husdyrtala i Gaular som følgjer:
- 855 mjølkekyr
- 2072 andre storfe/ammekyr
- 141 geiter
- 3370 sauer
- 45 hestar
Søkar må ha:
- utdanning som veterinær
- kompetanse på stordyr
- førarkort for bil (klasse B) og disponere eigen bil
- eige veterinærutstyr (i ein oppstartsperiode kan vi eventuelt ordne med lån av utstyr)
Søkar bør ha:
- semin-utdanning ( dersom ein ikkje har det vil det vere krav om å gjennomfør semin-kurs ved fyrste høve)
- smådyrkompetanse (i samband med deltaking i vaktordning)
- gode norsk kunnsskapar munnleg og skriftleg (helst nynorsk)
- kunnskap om vaktområde Førde, Gaular, Jølster
Du søkjer elektronisk. Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2699791
- Sist endret
15. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3378631_209209_nn