Kjøkenmedarbeidar i 30-60% stilling
Lyngmo Ungdomssenter
Luster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkenmedarbeidar i 30-60% stilling
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Er du vår nye medarbeidar?
Me lagar og serverer mat til kvardag og fest og ønsker å servere «god og tilpassa mat for alle».
Vertskapsrolla og møtet med gjestene er viktig! Ein del av arbeidet er lagt til helgeturnus.
• Matlaging og opprydding i samband med arrangement.
• Leiing av dugnadsmedarbeidarar og samarbeid med desse.
• Oppfølging av IK-Mat systemet
• Delta i anna drift med utleige, selskap og Lyngmo Gjestehus og Camping
• For den riktige personen kan det i tillegg være aktuelt med administrasjon, menyplanlegging og bestilling
• Det er varierte arbeidsoppgåver. Oppgåver og arbeidsmengde vil variere gjennom året.
• Det må påreknast noko arbeid på kveld og helg knytt til arrangement-, kjøkken- og sommardrift.
• Oppgåvene i dei ulike stillingane kan til ein viss grad kombinerast og tilpassast søkar sine interesser og eigenskapar.
Kvalifikasjonar
• Evne til å jobba aleine men også i team. Bygge team ved å hjelpe og støtte kvarandre i eit godt arbeidsfellesskap.
• Evne og kapasitet til å stå på i hektiske periodar.
• Personlege eigenskapar og egnethet vil bli vektlagt
• Ønske om relevant utdanning og/eller erfaring
• Språk: Tydeleg og god i norsk munnleg og skriftleg. (ønskeleg, men ikkje krav for kjøkkenstillinga)
Til slutt
Den tilsette er formelt tilsett av Lyngmo Ungdomssenter AS og har fast arbeidsstad på Lyngmo. Me føreset at søkar bekjenner den kristne trua og kan identifisere seg med Lyngmo og eigarane sine føremål og verdiar i samsvar med Lyngmo sitt verdidokument. Me føreset at søkar kan legge fram gyldig politiattest. Lønn etter Lyngmo sitt regulativ. For spørsmål eller informasjon kontakt leiar for tilsettingskomiteen: Sondre Orrestad, s.orrestad@imf.no, tlf 482 89 762
Heimesida til Lyngmo: www.lyngmoinfo.com
Søknad, CV og referansar kan sendast til s.orrestad@imf.no Søknadsfrist: 15. september. Søknader vert handsama fortløpande.
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Lyngmo Ungdomssenter AS er Indremisjonsforbundet (ImF) og Misjonssambandet vest sin leirstad på Hafslo i Sogn. Oppdraget vårt er å drive leirarbeid og andre kristne arrangement for barn, ungdom, familiar og vaksne. Sommardrifta med Lyngmo Gjestehus og Camping, samt utleige til konferansar og selskap er viktig for å finansiere den ideelle drifta. Lyngmo har blitt bygd ut i fleire omgangar etter oppstarten i 1965; hovudbygg i 1989, internat i 2004 og ny fløy med rom, gymsal og sanitær til campingplassen i 2016. Dei tilsette vert ein del av Team Lyngmo, som er eit fellesskap av 7 fast tilsette, ca. 15 sommarvikararar og mange gode dugnadshjelparar, som totalt bidreg med 4 – 5 årsverk. Dette fellesskapet av tilsette og dugnadspersonar arbeider saman for at me skal nå lengst mogleg med oppdraget vårt med å dele evangeliet med nye generasjonar! På grunn av avgang med pensjon og overgang til andre oppgåver treng me fleire nye tilsette i løpet av året. Oppgåvene i dei ulike stillingane kan til ein viss grad kombinerast og tilpassast søkar sine interesser og eigenskapar. Det er moglegheit for tilsette til å leige personalbustad på Lyngmo.
Sektor
Privat