Bu- og aktivitetstenesta lyser ut faste stillingar og vikariat.
Bu- og aktivitetstenesta, Sula kommune
Sloghaugvegen 23, 6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Bu- og aktivitetstenesta lyser ut faste stillingar og vikariat
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Bu og aktivitetstenesta er i utvikling og treng nye kollegaer.
Vi har ledig:
Molvær senter:
1 x 70% fast stilling på Molvær senter ledig frå 16.12.2024.
Molvær senter er ei produksjonsverksemd som gir tilbod om sysselsetting, aktivisering og opplæring til personar med ulik grad av funksjonshemming. Senteret består av fem avdelingar og tilbyr stor variasjon i aktivitet og arbeid. Senteret er lokalisert saman med vaksenopplæringa.
Arbeidstida er på dagtid.
Jetmundgarden bufellesskap:
3 x 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut i Jetmundgarden bufellesskap ledig frå 06.01.2025.
1 x 69% vikariat nattevaktstilling som miljøterapeut i Jetmundgarden bufellesskap, ledig frå snarast.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnsomsorg til mennesker med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelinga Jetmundgarden har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.
Geilneset:
1x 100% fast stilling som vernepleiar/ sjukepleiar/miljøterapeut på Geilneset 11, ledig frå 06.01.2025.
1 x 100% fast stilling som vernepleiar/ sjukepleiar/miljøterapeut på Geilneset 9 ledig frå 06.01.2025
Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansatte funksjonshemmingar i bustadar for vaksne. Geilneset 9 er eit avlastningstiltak for born og unge.
Avlastningstiltaket Geilneset 9 har turnusordning med dag/ ettermiddag og langvakter. Geilneset 11 har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål.
- Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/ fysisk aktivitet.
- Du skal vere primærkontakt for ein eller fleire av tenestemottakarane.
- Ha evne til å sjå alle som individuelle mennesker og fremje den enkelte sine ressursar.
- Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakar ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling.
- Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar.
- Hjelpe tenestemottakarane til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid.
- Dagleg dokumentasjon og journalføring.
- Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
- Du skal følgje rutinar, miljøreglar og handlingskjede som er satt opp. Du kartleggje, sett i verk tiltak og evaluere.
- Du skal ha tett samarbeid med pårørande/verje.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer personar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning,fortrinnsvis vernepleiar og sjukepleiarar.
- Til 70% fast stilling på Molvær senter søkjer vi personar med utdanning som aktivitør, helsefagarbeidar eller andre med relevant utdanning og praksis.
- På Molvær senter må du kunne behandle enkle verktøy og like å jobbe med hendene. Vi søkjer personar som er kreativ og har kjennskap til handarbeid, vev, strikkemaskin og symaskin.
- Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd og målretta miljøarbeid vil verte føretrekt.
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar.
- Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
- Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
- Datakunnskap.
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort klasse B.
- Politiattest.
- Oppgje referanse.
Personlege eigenskapar
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med mennesker.
- Du må vere ressurs- og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Er god på relasjonsbygging og skape tillit.
- Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tåle stress.
- Likar ulike aktivitetar og har god helse
- Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan og rutinar.
- Bidra til gode resultat gjennom felles mål,verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- Funksjontillegg for helsepersonell.
- Vanleg kommunale tilsettingsvilkår.
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
Kontaktinformasjon
Camilla Vee, Einingsleiar, 95710251, camilla.vee@sula.kommune.noCharlotte Vik, Avdelingsleiar Geilneset, 95710246, charlotte.vik@sula.kommune.no
Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar Molvær Senter, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no
Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar Jetmundgarden , 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Sloghaugvegen 236030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4862502735
Stillingsprosent: 100, 70, 69%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 11.10.2024
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2749717
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a89199dc440d43e4b704b83c3fd36480