Lærarstillingar for skuleåret 2024/2025
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1013, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing lærarar for skuleåret 2024/2025
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Kom til Gulen og jobb som lærar
Dagsturhytta er flittig brukt av Eivindvik barnehage og skule, og turen frå skulen til Gulakvila er ein læringsarena i fleire fag. Skulen er oppteken av, og flinke til å nytte seg av naturen og elles nærområdet i undervisinga si.
Skulen ved Eivindvik barnehage og skule har mellom 60 og 70 elevar i 1. - 10. klasse. Sjå www.eivindvik.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osb.
Eivindvik barnehage og skule har fylgjande ledige lærarstillingar frå 01.08.2024.
- 100% fast
- 100% vikariat
- I inntil 50% mellombels stilling frå 01.08.2024 - 31.07.2025
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Eivindvik barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1- 10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse.
Aktuelle arbeidsoppgåver til desse stillingane, er blant anna: undervising på barnetrinn, begynnaropplæring, mogleg spesialundervising i ulike klassesteg, kunst- og handverk, naturfag, musikk, engelsk og anna. Ved tilsetjing vil me vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Dersom ein ikkje får søkjarar med formell kompetanse, kan ein vurdere mellombels tilsetjing av søkjarar utan formell kompetanse i den faste stillinga.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT- kunnskapar
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2616008
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10205155