Assisterande kommunalsjef oppvekst
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Sogndal kommune søkjer assisterande kommunalsjef oppvekst med sektoransvar for barnehage. Stillinga er ei 100% engasjementsstilling som er ledig i eitt år frå 1.09.21. Sogndalsbarnehagen består av 11 kommunale barnehagar i tillegg til 4 private. 3 av barnehagane ligg i oppvekstsenter.
Assisterande kommunalsjef vil sitje i kommunalsjefen si leiargruppe, og ha ansvar for barnehagesektoren. I sektoransvaret ligg ansvaret for barnehagehagesektoren si samla fagutvikling, økonomistyring og personalleiing. Vi søkjer ein leiar som kan vere med å utvikle barnehagesektoren spesielt og oppvekstsektoren generelt, til beste for barn og unge som veks opp i Sogndal kommune. Oppvekstsektoren jobbar med fleire spanande prosjekt, mellom anna betre tverrfagleg innsats (BTI), livsmeistring i barnehage og skule, og innføring av nytt kapittel i barnehagelova om Psykososialt barnehagemiljø. Sogndal kommune har eit tett og godt regionsamarbeid i Sogn og utviklingsprogrammet «System for styrka læring». Den som vert tilsett, vil på ulikt vis måtte bidra inn i desse og andre prosjekt innan oppvekst og i kommunen elles.
Arbeidsoppgåver:
Utviklings- og kvalitetsarbeid innan Sogndalsbarnehagen spesielt og oppvekstsektoren generelt
Personalansvar for leiarane innan barnehagesektoren i Sogndal
Overordna økonomistyring og personaloppfølging
Utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver
Følgje opp kommunen sine vedtekne satsingar og prioriteringar
Sikre at vi følgjer relevant lovverk, som t.d. barnehagelova
Kvalifikasjonar:
Relevant pedagogisk utdanning frå universitet/høgskule
Leiarerfaring frå barnehagesektoren
Praktisk erfaring og innsikt i pedagogisk utviklingsarbeid
Utviklingsorientert og har erfaring frå utviklingsarbeid
Det er ynskjeleg med leiarutdanning.
Personlege eigenskapar:
Sjå verdien av å jobbe i team og ha gode samarbeidsevner
Vere løysingsorientert
Ha evne til å inspirere, engasjere og rettleie styrargruppa mot felles mål, og kunne nytte potensialet til Sogndalsbarnehagen
Kunne handtere nye utfordringar
Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Evne til å ta initiativ og arbeida sjølvstendig og målretta
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ole Gunnar Krakhellen , Mobil 926 48 081, Epost: ole.gunnar.krakhellen@sogndal.kommune.no
Om bedriften
Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.