Lege i spesialisering - radiologi
Radiologi Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering radiologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vi har behov for fleire LIS:
Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus søker etter lege i spesialisering.
Om jobb & fag:
Dei fleste syns diagnostikk er spennande. Her er ein jobb der du kan findyrke dette, i møtet mellom høgteknologi og klassisk klinikk.
Haugesund sjukehus er perfekt for oppstart spesialisering: Stort nok til å gi full faglig breddekompetanse, og lite nok til tett kollegakontakt med fortløpande supervisjon.
Om by & land:
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!
God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.
Om avdelinga:
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen.
System for RIS/PACS er SECTRA. Radiologar med godt faglig renomé, og entusiastisk fellesskap med godt samhold både på og etter jobb.
- Seksjonen har 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi
- Gode lønnsvilkår.
- For tiden med rekrutteringstillegg og startlønn som ved 2 års erfaring
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver ihht. radiologi
- Legar utan erfaring gjennomgår ein introduksjonsperiode på ca 9 veker
- Lege inngår i vaktordning etter endt innføringsperiode
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med full rekvisisjonsrett
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- Godkjent LIS-1-tjeneste
- Erfaring frå radiologisk arbeid vil bli lagt vekt på, men ikke nødvendighet
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Initiativrik
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Interesse for radiologifaget
- Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg og startlønn som ved 2 års erfaring
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplan
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Harald Nes, Avdelingsleiar, 52732279, harald.nes@helse-fonna.noElin Hetland, Funksjonsleiar, 52732273
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4878632089
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Elin Hetland
Funksjonsleiar
52732273
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2780770
- Hentet fra
talentech
- Referanse
37eecfddb0304466a6bd2f2ab1926e9d