Lege i spesialisering indremedisin/ infeksjonsmedisin/endokrinologi/geriatri
Avdeling medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering indremedisin/infeksjonsmedisin/endokrinologi/geriatri
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
4
Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig ei fast og tre midlertidige stillingar for Lege i spesialisering.
Vi har ledige stillingar i spesialiseringløp innan indremedisin/infeksjonsmedisin/endokrinologi/geriatri med tilsetting frå snarast og seinast 01.03.25. Startdato kan avtalast.
Følgande stillingar er ledige:
- 1 fast stilling indremedisin
- 3 midlertidige vikariat innan infeksjonsmedisin, endokrinologi og geriatri.
Vi har fadderordning for nye LIS-legar.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slagenhet. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt.
Seksjonen set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost
- Supervisjon/rettleiing av LIS1
- Internundervisning
- Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
- Utviklings- og forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
- Evne til fleksibilitet
- Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å samarbeide
- Du bidreg til innovasjon
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 70106334, jorn-age.longva@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4868379339
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 05.11.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2773453
- Hentet fra
talentech
- Referanse
797d0cabdcdd469bb376165ef9277a1e